Ulabrand gjer storverk

(Forteljing, 1920)

Av Andreas Austlid

     Ein svart haustdag stod han til havs med vestanstorm, høg sjø og harde haglskurer. Då han kom ut millom broti, ser han eit hollendsk kjøpmanns-skip med flagg i toppen. Det er stor naud um bord. Lasti hadde kasta seg, skipet hadde kanta og låg mest på sida. Alle båtane var fira ned, men folki torde ikkje ganga uti; dei hekk på dekket so godt dei kunde. Ulabrand freistar å leggja innåt, men det gjeng ikkje. Sjøen er for svær. Då skrik han på lina. Og lina kjem susande yver båten; Ulabrand knyter henne um livet, ropar: "Drag inn!" spring på sjøen og vert dregen um bord. Her tek han makti yver skipet, fær det på rett kjøl og fører det inn til Ula.
    For denne lôsingi fekk han 320 krunor.
    So var det ein vinterdag ikring 1850 – i eit forfælande uver, med storm og snøkave og høge sjøar. Ulabrand stod til havs frå Ula. Men veret auka på, so han kom inn i båthamni på Svenner og gav tid. Her gjekk han upp på høgdi og vilde sjå etter skip. Jau, der ser han ei jakt straks utpå, som dansar upp og ned på harde livet. Ho kantar i ei flaga, men reiser seg att. So kjem det ei ny flaga og slær henne beint ned, so ho søkk. Tett ved jakti ser han ein lôsbåt, som strevar og skal berga mannskapet, men han greider det ikkje. Båten hev nok med å berga seg sjølv. Då var ikkje Ulabrand kar til å stogga lenger. Han snur seg til lôsguten og ropar: "Kom!" – Og Ulabrand fyre og lôsguten etter; i fullt sprang bar det ned til strandi.
    Det var ikkje råd å få båten til å bera segl i slikt vêr. Med halv fokka og ein liten klut attanfor mastri kasta dei laust og fór ut. Dei såg ingen ting i dei høge sjøane. Men dei siglde på må-få, ut dit dei totte jakti sokk.
    Då ser dei ein mann som flyt på ei luka; han ligg som daud. Ulabrand hakar båtshaken burt i klædi hans og dreg honom upp. Lite etter ser dei ein annan mann; han ligg på ei år. Her vert båtshaken for stutt. Ulabrand tøygjer seg ut yver båten og fær tak i mannen – men misser fotfestet og gjeng på hovudet i sjøen. Men lukka var at lôsguten hadde fenge tak i foten hans. Straks sit Ulabrand uppe i båten på nytt. Men no er han harm. Han snur båten, sigler beint på, høgg kloi i mannen og kipper honom upp.
    Dei ser ikkje fleire å berga. So snur dei båten mot Ula og fer heim. Og båe dei som vart berga kom seg.
    Ein gong sidan stod han til havs i same slag vêr. Lôsguten var med, og Tord son hans, som var 17 år. Ved Rauer ser dei ein lôsbåt som fer fyre og tek eit stort skip; og Ulabrand harmast for han er so seint ute. Men ei stund etter ser han noko der langt utpå som han ikkje vert radt klok på. Jau, då dei kjem næmare, ser dei ein brigg. Men han er vrak; heile stor-riggen er faren yver bord. Dei fer framum tri vendor og ropar, men det kjem inkje svar; skipet er tomt for folk. Då lagar dei seg til og vil borda briggen. Tord styrer, og Ulabrand vil gjera hoppet; men han er for tung, og ryk attende. "No skal me byta," segjer han og set seg ved styret. Tord slengjer våsklædi og lagar seg til sprang; og gamlingen driv båten so tett inn under skipssida at guten fær tak i ein tog-ende og skyt seg upp som ein katt. Han spring burt til styret; men styrevólen er tvert av. Ulabrand kastar ei øks um bord, og guten lagar seg styrevól av ein staurstubb. Men han maktar ikkje briggen.
    Endeleg kom Ulabrand um bord. Han fekk upp segl, og tvinga skipet til å lystra. So sende han son sin heim etter folk. Sjølv vilde han vera att på vraket og halda det gangande til dei kom med hjelp.
    Men då fekk han ei hjelp som han var like hendt um. Det kom ein eimbåt og sette tog på vraket og drog av stad med det. Ulabrand koka av harme. Han ropte at han var fyrste mann um bord og hadde folk i vente til å føra det i hamn. Men det hjelpte ikkje. Eimbåten stríta og drog, og det såg ut til at Ulabrand skulde missa heile fengdi. – Då ser han båten sin; han kjem med hjelp, og kjem fort. Og no hadde eimbåten tapt siste retten. Ulabrand grip ei øks og ropar at no høgg han toget. Det hjelpte. Eimbåten stâna, fekk att toget og fór sin veg.
    Ulabrand førde vraket inn til Sandefjord og tente 1700 krunor.
    So hadde han lôsa eit skip til Fredrikstad, og skulde heim. Det var hausten og tjukt vêr og storm. Då siglde han seg fast på eit blindskjer; der vart båten standande og hogga og hogga. So måtte Ulabrand gjera det han so ofte hadde gjort: han knytte ei lina um livet, hoppa uti, og til å skuva og skuva. Men båten stod. "Då visste eg ingi onnor råd," segjer han, "enn å beda til Gud, og det ålvorleg og. So sette eg aksli på att og bad Vårherre hjelpa til, og då gjekk han som ei pil. Han hadde so nær gløymt å taka meg med; for segli stod uppe. Men eg vart no hangande med, eg óg, i toget, og fekk kara meg uppi til slutt."

 


Frå Lesebok for ungdomsskulen ved Lars Eskeland og Sevêrin Eskeland. Tridje upplaget. Kristiania: Forlagt av Olaf Norli 1920. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad.