Norsk maalreising

(Artikkel, 1926)

Av Andreas Austlid


No er det i Noreg atter dag med vaarsol og song i skogen - so song vi. - Og vi er eit fritt folk. La oss vera glade for det.

Men i kristendomen vaar er det ikkje dag, enno. Og endaa mindre i norskdomen vaar. Vi har mykje aa gjera og mykje aa reinske ut før vi kjem so langt. Men morgon har vi daa, og vaar og vaarsol. Gud skje lov for det!

Jau, for oss eldre er det no, som um tusen voner og tusen bøner og tilsprang - som heldt paa og ikkje vart te meir - no samlar dei seg og bryt igjenom te heil handling. Eg veit mest aldri eg har set framover med gladare augo enn no. For endeleg held det paa og syner seg at den norske ungdomen kan meir enn aa drøyme.

Ja lit paa det: at no vil Storemannen deruppe, han som raar for folkelagnad - at vi skal lyfte arven vaar heil og halden, baade den fraa Harald Haarfagre i Hafrsfjord og den fraa Olav den heilage paa Stiklestad - at vi skal bli eit heilt norskt folk. Under hans merke!

Eit taa dei vissaste teikn paa dette, det er at vi held paa og reiser uppatt tungemaalet vaart i skule og kyrkje, te gagn for oss og dei slekter som etter oss skal koma.

"Fraa skule og kyrkje vart det teke fraa oss - gjenom skulen og kyrkja skal vi vinne det att i Jesu namn," sa gamle Landstad.

Aa, du unge gut og gjente, ver med i dette fedrelandsarbeidet! Det er den største lykke du kan vinne, det er den beste utvikling du kan faa. Nei, gaa ikkje og drøym lenger um aa vinne lykka, men ta fat der du er. Ho er sjeldan aa finne utanfor heimen, og slett ikkje er ho lotterispel. Høyr her - lykka veks upp innanfraa ho, taa det du gjer. Vil du vinne den, maa du leva med her heime, sjaa aa bli fyllt taa eldhug te aa gjera noko te gagns, som kan leva etter deg.

"Lykka" er arbeidsglede det - aa sjaa at det gror etter seg, aa vita at ein ikkje har levt uti inkje.

Dette aa vilja njote utan arbeid, det er største stakkarsdomen som finst; ein sjukdom verre enn tæring. Han kverver syna paa folk og narrer deim te aa jaga etter ei lykke som aldri finst. Slike folk lyt lide vonbrot. Det høyrer med te at Gud kan faa gjort deim friske att.

Det blir tala so mykje um trua - um aa tru paa ei sak. Ordet er laant fraa kristendomen. Og alt saman er godt og rett, berre vi ikkje gløymer aa arbeide. Men mange tek dette heilage ordet for lett paa tunga. Dei snakkar um trua og meiner berre kjenslone sine - eit blidt, blautt "føleri," som er so paa moten no hjaa alle kulturfolk, baade i det gudelege og det meir menneskjelege. For dette er so lettvint maa vita; daa slepp dei alt arbeid. Men det er det aa segja: at det inga frukter bér.


Nei trua er ein uroleg ting, sa Luther. Ho driv oss ut paa 70 famnar vatn der du ikkje ser botn; ho krev arbeid og vaagsame tiltak! Ein apostel har sagt: Syn meg trua di taa det du gjer. Og eg synest minnest at Johannes, naar han talar um deim som verkeleg vinn lykka, so segjer han: "Og deira gjerningar skal fylgje med deim." Han nemner ikkje draumar og gode kjenslor; han nemner ikkje eingong trua, som bar deim og staalsette deim og gav deim mot. Nei, berre det dei gjorde. For blomen maa bera frukt; gjer han ikkje det er han verdlaus. Og slær ikkje trua ut i arbeid, so er ho daud, og verre enn inkje. Det hjelper deg daa aldri det slag kor godt og vakkert du kjenner det og fantaserar og snakkar.

Og her kjem maalsaka.

Jau godtfolk - den saka har havt ei tru i fylgje med seg so sterk, so heit og heil, at ho gav arbeidslyst og arbeidsmot aat tvo for ein, og ho har grott og vokse seg fram i desse 50-60 aarom gjenom flir og spott, gjenom moburd [sic] og hat, so no staar ho her som eit lite grønt under. Ho var den stakkars bondegjenta, maa veta, som ikkje andre saag var rein og vakker, andre enn desse faae som hadde faatt set inn i augo og hjarta hennar, og saag at ho var prinsessa som hadde odelsretten te dronninge-stolen, og at den dama som no sat her og herska ikkje høyrde oss til.

Ja godtfolk - det var trongt og hardt aa vera maalmann i desse fyrste tidene. Difor vart dei au heitande strævarar. Du som er ung no veit lite taa alle dei glade offer dei gjorde, desse gamle-karane som tok dei fyrste sterke upptaka og reiste denne striden. Dei fekk baade landsfolket og byfolket imot seg. Det verste var at bonden sjølv vanvyrde si eiga sak, si største og beste sak. Han maatte fyrst vekkjast te aa skyne; her fekk folke­høgskulen eit stort arbeid. Aa lære desse unge upp te god norsk maalføring - med munn og med penn - det var ikkje "fot i hoso" det, den gongen.


Men arbeidet tok dei med stor glede, det gjekk som paa dans. Ingen stad var det so godt humør som millom maalmennom, ingen stad so friskt arbeidsmot! Mange takka Cud [sic] som for ei stor gaave, at dei hadde faatt set at det var her, just her, framgangsvegen gjekk. Eg trur ikkje nokor sak i vaart folk har havt so trufaste og so glade tenarar. Ho hadde sanneleg ikkje gods og gull paa si side, eller "rikdom og verdsleg makt", den saka. Nei, men ho hadde det som meir var: varme bankande hjarto som var glade berre dei slapp te faa arbeide. For dei saag, at skulde dette stakkars forkludra folket som dei elska so inderleg, skulde det naa fram att te bløming og rak vokster, so maatte tunga løysast; - so var det berre denne eine maaten aa faa gjort det paa, at folket fekk att sitt eige maal i munn og i bok og fekk vyrdnad for seg sjølve og for fedra arv. Her er det 4de bodet aat dykk, sa Kristofer Bruun te oss unge. Han saag at morsmaalet var pulsaara som naadde inn i folkehjarta, so blodet kunde faa strøyme friskt fraa og te og ut og inn gjenom det heile folk. Ja han saag at te og med kristendomen trong denne livaara, um han skulde vinne heil og sterk inn i folket. Og vi kan vel trygt segja det no - etter at Blix-salmane har faatt slik makt og Ny­testamentet er umsett - at er det nokor aandsmakt i vaart folk som har bruk for morsmaalet so er det fyrst framst kristendomen - just fordi han er krone og krans paa all vokstren vaar.

Dette tek dei vestlandske emisærane vaare te aa skyne no, at skal dei naa folkehjarta og faa nokor vekkjing i stand, so maa dei kaste fraa seg alle uppskruva talemaatar og koma som dei er, med seg sjølve, paa sitt eige maal. Dette vil gje deim større makt enn nokon trur. Daa ryk alle stengslor, daa er vegen open, og alt dei segjer blir levande - so sant dei er levande sjølve. Ja takk og ære skal sogningen Ola Nesse ha, og alle som gaar i fotfaret hans!

Men endaa meir takk skal gamlekarane ha, som fyrst saag dette, at morsmaalet er livet vaart, og tok imot dei fyrste støytane for denne store saka: den gong det var skam og mest ei synd aa fara med noko so "simpelt" som bondemaal.

Vi bønder har sakte kjent den stive skoen som gjorde oss halte og skakke og mest maal-lause - dette tysk­danske boksproget som gjorde oss framande baade for oss sjølve og for Gud. Aa, som vi leid under alt dette! Eg minnest mange i mi heimbygd fraa eg var smaagut, som skjemdest over kor stygt dei tykte dei tala naar dei var ihop med byfolk - og freista det beste dei kunde aa herme etter; men fekk det aldri te. Vi heldt paa tynte oss reint ut. Vi visste ikkje anna enn at det so skulde vera.

Men so kom talsmennene vaare óg, daa Guds time slo. 

Det er nok ikkje berre eit tilfelle at Ivar Aasen og Aasmund Vinje var bondegutar.

Den store bylgja kjem all tid fram som fødd av dei mange smaa.

Eg trur det var hjartesukka fraa dalom og fjordom, ja fraa det norske folk - som dreiv fram desse tvo og gjorde deim so sterke te aa brøyte dei fæle vegane dei maatte gaa. I fotfaret deira kom so Elias Blix, Olaus Fjørtoft, Per Sivle, Mons Litleré- no er dei døde og har kaar si soge. So Arne Garborg, Ivar Mortenson, Jens Tvedt, Anders Hovden, Vetle Vislie, Sven Moren, Sigurd Nesse, Rasmus Løland, Rasmus Flo, Rasmus Steinsvik, Nikolaus Gjelsvik, Kristen Stalleland, Ivar Kleiven; so Per Riste og ein heil her taa lærarar; alle saman bondegutar. Og attaat kom mange gilde byfolk, med norskt blod i aarom, som saag kaa det galdt og stødde uppunder naar det kneip som verst. So sterk er denne saka, at ho tek byfolket óg; det syner seg best i desse dagom.


Eg har nemnt skoen som klemte oss eldre daa vi voks upp. Det er vaar løyndom, byfolk skynar det ikkje. Men so skal eg leggje fram lite grand taa dette.

Folkemaalet i mi heimbygd vart set ned paa som noko stygt taa alle folk eg kjende, fraa det fyrste eg kan minnast. Men vi laut drast med det, fordi vi ikkje hadde noko anna aa berge oss med. Eg kunde nok faa segja eta naar eg sat ved haanndagsbordet ihop med husmennom. Men kom det framande, og serskilt naar prest­borna kom, vart eg te-havd te aa segja "spise". Vi hadde nok høyrt det utrulege, at Karl den femtande daa han for te Nidaros, so steig han taa paa eit skyss-skifte i dalen og sa: "Hur er matsalen - naa lystar jag æta." Og at uppvartningsdama som dei hadde faatt upp eins ærend fraa byen, ho stod maal-laus og berre kopte, sa ingen ting. Men detta kunde no aldri vera sant, meinte prestborna, og dei fekk meg au te aa tru det same.

Og kom eg ut paa detta stakkars Veslehamar - ein liten bondeby: ein skomakargut fraa heime hadde sett seg ned te kjøpmann der, ei skreddargjente hadde opna galanterihandel, ein saapekokar var vorten groserar, osb. osb. - so var det ingen ende paa flir og spott fraa gategutom og kraambugutom, um eg so freista det beste eg kunde aa segja baade mei og dei og jei og jo. Det var nokre taa kameratom mine som gjekk der ute paa realskulen. Dei hadde lært aa knote og røykje sigarar. Jau, so kunde dei rekne paa tysk: ein, svei, drei. Eg gret meg i søvn ein kveld eg hadde vore ihop med deim; eg tykte han far var hard som hadde nekta meg aa faa vera med paa ein slik skule - eg vart gaaande der heime som ein annan bondeklump, aa eg kjende meg so elendig! - No takkar eg baade far og mor for at dei hadde vit te aa segja nei, og for den gode arbeidsheimen eg voks upp i.

I barneskulen var det same eins. Det framande breidde seg paa alle leider. Skulemeister'n min var ætta fraa ein tyskar som hadde fare umkring paa bygdom og selt baanleikor; og han knota, kan du vita, og vi skulde knote, det var greitt; tala som boka. Nokre taa oss som var kome lengst, skulde faa skrive stil. Og kan du gjeta paa kaa slags uppgaavor vi fekk? Eg minnest nokre: Hvilke betragtninger bør gjøre sig gjældende paa en kirkegaard? Børns og forældres gjensidige plikter, begrundet i børnelærdommen. Hvorfor bør vi adlyde øvrigheten? Ja, so var det nokre taa eit anna slag, eg vil kalle deim mekaniske: Flæt følgende ord ind i en fortælling: Hest, hund, gevær, ørken, løve, oase, palme, vandkilde - og so burtover. Stundom var det adjektiv vi skulde flette inni. Og eg vart nok den "fIinkaste" taa alle saman eg, dessverre; for han sa han kunde ikkje lære meg meir.


Kaa skal vi kalle slikt? Aa, for eit apespel! Eg tykkjer det luktar taa di endaa, naar eg minnest korleis eg sat og hykla og meinte ikkje eit ord med alt eg skreiv. Eg hadde vel lært eit tusen ord utor dansktyske bøker, og dreiv paa og fløtte desse som brikkor i eit dominospel, snart paa ein maate og snart paa hin, nett som det høvde, utan tanke paa kaa eg meinte. Heile kjenslelivet mitt sov utanfor, det fekk ikkje spor taa utvikling. Og like gale i det kristelege. Det var aa pugge Pontoppidan det, og ei stor bibelhistorie paa dansktysk. Og naar vi skulde svara noko so var det aa knote. Alt vi levde, med hug og varme og hjartelag, det var utanfor skulen, det fekk berge seg sjølv, og voks villt, utan noko anna morsmaal enn det vi hadde med oss fraa heime, og som vi lærde aa sjaa ned paa. Eg fekk skrubb ein gong for det eg sa sjue i staden for syv! Ja men han far segjer sjue," sa eg. "Hils ham paa at det hedder syv!" sa læraren. - Han log han far daa eg kom heim i fullt sinne og fortalde. "Aa nei, bry deg ikkje for det," sa han; segj syv du paa skulen, so kan du faa segja sjue naar du kjem heim att." Best minnest eg leikestundene, dei staar i glans; for daa kjende vi oss frie og glade. Daa skraala vi paa heimemaalet maatru, det beste vi orka. Naturen er sterk han - og det kom vel med, her.

Daa eg var 18 aar kasta eg heile maska og tok te skreiv som eg tala, paa bygdemaalet mitt. Aa, for ei moro det var! Eg kjende det som var eg komen ut fraa eit fengsel og ut i Guds frie natur, med skog og foss og fjell og blaa klaar himmel. Eg hadde ikkje kunna vendt attende inn i denne boksprokskodda att, nei ikkje um eg hadde faatt ei kongekrone for det, trur eg.

So skreiv eg ei lita abcbok, eg var lærar daa. Eg visste godt kaa langt smaaborna skyna - eg hugsa det best fraa meg sjølv; og noko hadde eg røynt meg fram. Eg visste ikkje daa eg var liten at Ø skulde vera ei Øy og at H-a-t skulde vera Hatt og ikkje Hat . Og bondeborna veit som oftast slett ikkje det at en rød ko og en sort stud er det same som ei raud ku og ein svart stut; dei veit ikkje eingong at grød er det same som graut. I vissa ikkje i nordre Gudbrandsdalen. Og kjære, kaar skulde dei veta det ifraa? - Ja, so tok eg kvardagssproget heilt og halde, beint fraa barnetunga, og sette det inn i abcboka. Men daa skulde du høyrt! Folk syntest detta var meir enn fælt. Eg las upp nokre stykke aat grannkjeringom, og dei log so taarone trilla. For detta var daa ho Marta Pikhaug som gjekk og snakka ved seg sjølv, sa dei. Ho var tullute ho. Og daa eg fortalde at eg vilde prente det og la borna lære aa lesa paa det, daa trudde dei eg var ikkje langt ifraa di, eg heller. Dei tykte det var aa spotte baade Gud og menneskje dette. Eitt er moro, eit anna er aalvor, sa dei. Og boka, daa ho kom, vart heitande tullboka, i heimbygda mi, denna tullboka paa maalet, sa dei. - Ja no er tullboka innførd i skulom heime, og i andre bygder i Gudbrandsdalen. Detta skulde ingen kunna sagt for 25 aar sidan.

Og gamle snilde Andreas Jørgen Fleischer, presten som hadde døypt og konfirmert meg, han klappa meg paa oksla og sa: "Kjære unge mand, slut nu med dette maalstrævertullet, det fører saa til ingen ting alligevel. Du bare ødelægger din fremtid og gjør din hæderlige slægt sorg og skam." Nokon taa folket mitt hadde klaga seg for presten, det visste eg. Og eg minnest godt ho mor gret daa ho laut forsvara meg. "Ja døkk kan segja kaa døkk vil - han er naa flink og viljug te aa arbeide heime daa, so vi har ikkje noko aa klaga paa han. Og dette maalet nyttar det ikkje for døkk aa faa han ifraa," - sa ho.

- Ja, kaafor nyttar det ikkje aa faa oss ifraa mors­maalet vaart, naar vi eingong har faatt smak paa det?

For diat sjæla vaar strøymer igjenom det. Ikkje berre ein kanal som ho strøymer igjenom; nei, det er vaar sjæl. I morsmaalet er det at ho lever og veks, fær form og farge og slær ut sine vengjer og flyg over aat andre, so dei óg skynar oss. Her syner ho seg fram som ho er og som ho vil vera.

Eg vil segja: Hald fast paa morsmaalet - la ingen lokke det fraa deg! Misser du det, so misser du deg sjølv. D'er dette du har aa livberge deg med og vekse paa, du og eg og heile det norske folk. Døyr det, so døyr vi. Og lever det, skal vi koma te aa leva, og vekse og mannast etterkaart som vi dyrkar det og brukar det, i munn og i penn. Aa utvikle morsmaalet sitt, det er paa ein prikk aa utvikle seg sjølv.

De som er unge no og kan ta imot sterke innsøkk fraa det som er uppe i desse tider: eit folk som reiser seg fraa landsende til landsende og vil vera seg sjølv, leva sitt eige liv - ja lukkelege er de! Men det krev dykk te andsvar, kom i hug det.

Ta daa daapen taa dette. Og hugs paa at ryggmergen i eit sjølvstendigt folk er morsmaalet. Paa det er det at de veks, paa det er det at de naar fram te større og større klaarsyn og kraft. I eigen kultur i eigne klæde! Ikkje desse laante fillone fraa Danmark og Tyskland.

All soga vitnar um dette same: at ikkje noko folk naadde fram te bløming og frukt, eller vart noko tess - korkje for himmelen eller jorda - som ikkje vyrde og vyrdsla morsmaalet sitt. Slo dei vrak paa det, vart dei kasta ut or dansen. Ja, her er mælestaven for eit folks liv. Der ligg livet deira, der ligg folkesjæla open og synberr for all verda. Les Bibelen og Homér, so ser de det.

     Kom daa, lat oss alle mann
     reise modersmaalet,
     lytte, kvar so godt vi kann, 
     slipe det som staalet.
     Millom alle folk paa jord
     dyre var dei moders ord.
     Lat óg oss det sanne!
 
 
 

Frå Andreas Austlid. Salt fraa folkehøgskulen. Oslo: Olaf Norlis Forlag 1926. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad