Løner det seg aa dyrka jordi

(Lesestykke, 1910)

Av Andreas Austlid

Ja, segjer ein bonde. Han fortél:

I vaar sette eg, paa eit halvt maal jord, um lag 1300 hovudkaal-plantor, stort Amager-kaal, fræ av norsk avl. Jordi var god, men ikkje i hagedrift. Det var haustpløgd grasvoll. Paa dette stykket lagde eg 15 smaa lass kugjødning. Kaalet kom seg so gildt frametter sumaren at det var hugnad aa sjaa. Ja, eg hadde slik gleda av aa sjaa paa vokstren, at eg mest tykte berre det var løn nok. Daa det leid paa haustkanten, og næterne tok til lengjast, tyktest eg plent kunna sjaa kor hovudi tjukna og hardna for kvar dagen. Nok er det, daa det leid ut i oktober, hadde eg mange kultar paa 6 kg., ja sume naadde sine 7 kg. og vel so det. Og drjugare skal det vera sjeldan kaalet vert, endaatil i Danmark og andre velgjetne kaal-land.

Men no skal de høyra kva vinning dette vesle kaalstykket gav meg. Eg hev halde rekneskap yver alt, so de kann trygt lita paa det. Men fyrst lyt eg fortelja at garden min ligg innmed ein liten by, og at det soleis er lett aa faa avhenda kaal og andre hagevokstrar. - Ja, til jol selde eg kaal for 150 krunor, og - laagt rekna - hadde eg att for minst 30 krunor. Til dette kom so alt det eg brukte i huset, og alle bladi som eg gav krøteri. Jamvel stylkjer som var for harde for kyrne var forkunn mat for kaninarne mine. Blad av hovudkaal er svære til aa gjeva mjølk, og stend fullt paa maal med næpor. Eg tórer daa segja at dette halve maalet hev gjeve meg ei samfengd vinning av minst 200 krunor.

Men so kjem det som skal ifraa. Jordi kostar meg 400 krunor maalet. For eit halvt maal vert dette ei jordrenta paa 10 krunor, etter 5 av kvart hundrad. Lat meg so setja gjødningi til 20 krunor, haustpløgjing og vaararbeid til 10 krunor. Kaalet krev ikkje so mykje arbeid frametter sumaren; det er reinsking og graving. Dette arbeidet hev eg gjort sjølv, og eg vilde tykt eg hadde havt god løn med 20 krunor. Samanlagt 60 krunor i utgift. Rein vinning 140 krunor.

No var eg sers heppen med kaalet mitt i aar. So aar um anna vil det vel ikkje løna seg so godt. Men det kann eg segja, at det løner seg godt aa leggja seg etter noko hagebruk, naar jordi elles er høveleg til det. Og jamvel lenger upp-i bygderne, der det ikkje kann vera større tale um aa faa selt noko - skulde det ikkje der og vera gildt aa hava eit hundrad gode hovudkaal i kjellaren til vetterbruk. Det vilde nok vera baade godt og helsesamt til alt det salte kjøtet og flesket. Eg veit ikkje betre enn at alle kokebøker segjer det same.

                            *

Lat oss høyra litegrand fraa andre land; lat oss ganga til Danmark. Den jordi som løner arbeidet best der, det er jordi kring husmanns-stovorne.

Vil de høyra um smeden paa Lerupheidi? - Han kjøpte 30 maal utmark og bygde seg ein heim. Um dagen svinga han hamaren, og um sumarkveldarne og um næterne sleit han paa jordi, veita ut og grov upp, og brukte spaden i staden for plog. Han tok veit rundt heile jordi og planta livande gjerde paa veitebakken.

So kom han paa at det skulde vera gagn aa hava ein hage. Tok so eit stort gildt stykke til det; veita og grov og planta. Naar grannarne sov, sleit han. No hev han ein hage so fin som paa nokon prestegard i Danmark. No stend der 776 frukt-tre og bærbuskor og mange slags pryd-tre. Husmurarne er gøymde av lauv og rosor, og i september heng vindruvorne ferdige under glaset. Inne lyser det av reinleik og hyggje. Og han hev gjort mest alle ting sjølv.

Vil de høyra ei soga til, um ein annan slik fagna kar? For 15 aar sidan kjøpte han eit stykke lyng-jord for 200 krunor; det var alt han aatte. Det var fælt utakksam jord; men han tok i veg, med sterke armar og god vilje; han skulde hava tak yver hovudet og, maa vita. Tvo aar etter var han komen so langt at han kunde kjøpa ei ku. Men den miste han. Daa var han mest utor voni. Men han gav seg ikkje. Han sleit og stræva, og fekk seg ei att. No hev han 11 store velfødde kyr i fjøset, og 20 griser. Han hev kosta seg gode jordbruks-ambod, og sjølv hev han gjort ei maskina til aa taka upp jordeple med.

Endaa ei soga av same slaget: Ein stad i Jylland, ute mot vest - der lynget møtest med matjordi - kjøpte ein ung mann for 20 aar sidan eit stykke heid. Han hadde ikkje hjarta til aa lata dei gamle veike foreldri sine koma paa fatigkassa; han tok deim med seg. Han bygde ei hytta av jord og eit skur aat eit einaste smalebeist. Det var alt han aatte. No tok han til aa arbeida, fraa soli spratt og til ho glada, dag etter dag, vika etter vika. Det var mest ikkje raad aa sjaa nokon framgang i det fyrste. Tarvende skulde til; men pungen var alltid tom. Det han kunde tena attaat gjekk det so smaatt med; ein gong laut han svinga tusti i 18 dagar for l tunna jordeple. Um vetteren tok han til aa halda skule; for han hadde gjenge paa gode skular sjølv og var godt lærd. No fekk han nokre pengar, brukte deim vitugt, og det kom meir framgang i jordbruket hans.

So gjekk tidi. Og der jordhytta stod, der stend no eit grunnmura hus. I stallen er tvo hestar og 15 naut. Dei raude lyngbakkarne hev rømt undan og gjeve rom aat tunge rug- og bygg- og havreaakrar.

Slike er det som byggjer landet. Og ikkje desse som tenkjer paa berre stas og klæde og dormar middagstimarne burt med kaffi og sigarar, eller heng yver ei roman-bok.

Tenk paa dette, de unge gutar som gjeng heime og latar dykk og hev jord nok! Gud hev gjeve oss jordi til at me skal dyrka henne. Skulde ikkje dette arbeidet vera visst so godt som aa sitja og krøkja seg og verta bleik paa ein kontorkrakk? Og er det ikkje ei skam, at me nordrnenner skal vera illgjetne for latskap, at me hev so lite tiltak og trott til gagns arbeid?

 


Frå Lesebok for folkeskulen ved Andreas Austlid. Tridje bandet. Kristiania: Alb. Cammmermeyers Forlag 1910. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad