Kveldseto-liv

(Artikkel, 1926)

Av Andreas Austlid
 
 
"Eple og pære
dei veks uppi treom -
og naar dei er mogne
so felle dei ned."
La oss gaa i gang med eit gamalt minne - fyrst.


Vi bondefolk som var fødde ved 1850 kjem daa sakte i hug kveldseto-kveldane heime. For dei varde og rakk endaa mest tjuge aar framover, før dei døydde reint ut.
 

Aa, desse kveldane - dei var ei lykke for bornom! Eg kan ikkje anna skyne enn eg lærde meir daa - millom far og mor og husmenn og tenarar - enn eg gjorde paa alle skular sidan - naar eg tek unda folkehøgskulen. Daa tenkjer eg ikkje paa kunnskapane, dette aa rekne og skrive og slikt. Men paa at vetet mitt voks, at eg fekk folkeskikk og mannast te kar; og attpaa alt: fekk so sterk ei tru paa livet, paa at eg skulde nok bli-te-noko eingong, eg au, naar eg vart stor.


Ja, eg skal meine eg kjem deim ihug! Daa spann gjentone um kapp, og spann upp all ulla og hampen og linet vi avla; daa laga karane te slede-naglar, soplimar, rekor, øksskaft og knivskaft, stallbandspinnar og pølsepinnar, rivor og ljaasorv, alt vi trengde te aaret; daa ferda dei sledar og skjæker og bøtte selar; daa reidde dei oltaumar og olreip te dei vart mjuke og gode aat kaldveret. 


Naar klokka hadde slege 4, daa kom karane inn med kveldsetovyrkje - med soplimris og mange rare emne - og sette seg te rettes med peisen, paa denne sida ved døra. Han Lars Haagaa som var snikkaren vaar, kom i kveld med ein skogsslede dei hadde køyrt sund, skulde vøle den. Han laut lenger inn i stugu han, inn paa inste golvet, og ha eit talgljos for seg sjølv.

Men paa andre sida aat peisen, den som snudde mot kammersdør'n hennar mor, der sat gjentone og spann - saag taa peisvarmen dei óg. Dei hadde "lagjé", skulde spinne upp so og so mange besmarpund, ull, hamp og lin te vaars. For daa skulde gaanet rennast te vev og bli te klæde aat deim og oss og heile huset. Dei smurde rokkane med fint leggjefritt og trødde lett, og song attaat.

Der sit han Johan Ulveng, skomakaren vaar, ved ein brei benk med eit tjukt talgljos for seg sjølv; han driv paa dag og kveld, gjer sko aat oss alle.

Han kunde gjera dansarstøvlar au han Johan - finaste kalv med safians skinn øvst paa skaftom, brent ler millom solom, so dei riksa og skreik - soleis som moten sa dei skulde. Men - "det kosta vera kar" - for slike tok han ein halv dalar (2 kr.). Vi smaagutane laut no fint vente. -Men vi rekna aara og stunda fram, vi au.

Te kvardags sleit vi beksaum - som han johan tok 8 skilling (27 øre) paret for. Og endaa so tjyrusmurde han alle huder og skinn som han gjorde upp, attpaa. Aat gjentom gjorde han laage randsko naar det skulde vera lett og fint, te kyrkje og te dans; elles var det beksaum aat deim au. - Pluggasko var endaa finare; men dei var seine aa gjera, han laut laga te pluggane sjølv. Daa saga han upp trinsor taa hardbjørk, tjukke som kakuskivor, kløyvde og kveste deim med kniv, og karva deim so upp te plugg. Aldri saag eg han gjorde høge snorstøvlar, slike som byfolket brukte. Det tykte folk var vettlaust, aa klæ leggjene med lèr; det tok altfor mykje vyrkje.

So var karane inn komne, hadde faatt kvar si halve kaalrot aa tyggje paa, hadde lagt godt paa varmen, og sat no rugga og spikka. Daa skal eg segja det vart sumt aa faa høyre! Um dagen hadde dei vore til kjøls etter ved og torv eller sæterhøy og lauv; eller burti Musdal etter takstein; eller ni Vikli'n eller Svartjønnli'n etter timmer og staur. No fortalde dei kvar for seg um alt dei hadde set og høyrt og upplevt. Og dei kunde fortelja. Dette vart reine eventyr for oss ungom. Sume hadde set rev - ja te og med skote, og kom med han. Sume rjupe, sume hare. Eingong kom han Ola Bergheim inn med ein diger levande orhane som han hadde fanga utved Gullroberget, han kom med han i ein sekk.

So losna det med sogor fraa gamalt. Og han Torgjeir Kniv var meisteren der; han var eldst. Han hadde slegest med tvo graabeinar han, daa han var paa sitt beste, og drepe deim med tolkniv; for dette saag vi upp aat han meir enn mykje. Og so kunde han fortelja um Domguten og ho Dau-Sigrid, og fleire rare og fæle ting som hadde hendt før. Han song heile den lange visa um desse tvo, te vi gret. - Ja so vilde han faa uppatt motet vaart og klemde i med "Dalebuggen". Men daa kom ho Torø baangjente au, ho var ikkje aa spøkje seg med. "Nei shy, shy, du stygge Torgjeir, skræm naa itte vete utur bonom mine med saa mye blod! Og kom her bon - naa vil eg fortelja."

So fekk vi høyre um han Faalaaragge [1]; eller Prinsessa paa Glasberget, eller Tyrihans. 

Daa det var vel te endes kom han Lars snikkar. Han hadde gjort fraa seg det meste paa sleden, og no vilde han puste paa lite.

Han heldt Almuevennen og Adressebladet han Lars, og hadde stødt noko aa fortelja fraa der. No fortalde han fraa Slavekrigen burti Amerika, det siste. Ho mor aatte Onkel Toms hytte og hadde fortalt oss mangt um slavane, og vi hadde set alle bileta der, so vi visste ikkje so radt lite um den greia.

Han far sat med Morgenbladet han, og no fortalde han endaa meir enn han Lars. Men daa han fortalde at Abraham Lincoln hadde vore simpel timmerhoggar og bondegut fraa fyrsten - han som var president og raadde meir enn ein konge no - daa slutta gjentone aa spinne, slo upp augo og einlydde. No las han far upp ei stor tale som Lincoln nyst hadde halde. Nei daa slær han Lars knytneven sin i kneet og forpliktar seg paa at so mannsleg tale hadde ingen taa desse utlivde kongom vaare i Europa kunna halde! Og no burde vi sjaa aa bli kvitt deim so fort vi kunde og faa republikk i staden, sa han. Han var heil Wergelandsven han Lars, fraa den tid han tente under løytnant Grønner i Oslo, i "ungdoms aar". Daa hadde han baade høyrt og set han Henrik. "Ja der stod han i vadmaalsklæde, høg og rak, ved støtta aat Krog og ropte ut: Værer norske i malm og klang, i pryd og præg, som Krogs støttte, med borgerkrans om panden, skuende fritt ud over verden! Og det blikta og skjein taa augom hass, gut - og han tala so vi log og gret og ropte hurra og slengde hattane vaare i veret te vi mest ikkje fann deim att. Wergeland vilde ikkje ha andre klæde enn taa vadmaal han, ser døkk. Men endaa ruvde hugue hass høgt over alle. Han kunde gjerne gaatt nakjen for det, døm hadde nok helst paa han!"

Han far og han Lars husmann var reine bussar [2]. Dei heldt Jaabæks Folketidende ihop, so han var Jaabækianar au. Naar desse tvo daa tok i vegen med politikk, vart det kanskje moro te gagns. Eg trur ikkje det vart att stort fleir embetsmenn enn prestane som slapp med livet; og døm skulde "kantskjerast dugeleg døm au". I vissa skulde døm ikkje dra paa desse digre prestgardane lenger. Ein hest aa kjøyre med og 4-5 kjyr te mjølk aat ungom var daa fullskuvande nok, meinte han Lars. Hadde dei kanskje ikkje prestløna si - attpaa!

Men daa la ho mor seg frami, "Nei Lars, no gaar du for vidt att. Korleis trur du sjølvpresten vaar kunde greie seg med fem kjyr, han som har ein slik haug med ungar, ja 12 born, aa ala upp! Stakkar ho som prestfruge er, daa lel! Eller vil du kanskje at vi her i dette rike Gausdal skal ha den skam aa gjera prestfolka vaare te fatiglemer?" Ho snudde seg aat 'om far: "Og naa synest eg at du som husbond er, skal tukte lite paa han Lars for dette, og ikkje halde med han stødt!"

Daa kjem ho Torø, som heldt med henne mor: "Ja Lars, det du sa um kongane au, skal du ha ris for. Veit du det du, at det har vore kongar all sin dag, like fraa Salomon og David og Sankt-Ola? Les Bibelen skal du sjaa! Og prestane har vore lenger endaa. Og døm skal faa vera, heretter au! Eg tenkjer vi treng nokon te aa halde styr paa pargaset. Naa skal du skjemmast og tegja, Lars! Eg fortel mest ikkje eit eventy eg, utan det er ein konge eller ei dronning som er med; eller ein prins og ei prinsesse. Er det ikkje sant, ungar?" Og ho saag paa oss med gloande augo. "Jau, jau," ropte vi. No heldt vi med henne Torø att.

"Ja-ja; la oss ta eit ordskifte um dette daa; men berre eitt um senn," sa han Lars. - "Jau, du Torø, døm har vore lengje nok kongane; gubære oss eg nektar ikkje det; - for døm er gamle som arvesynda. Men det er det eg vil ha sagt, at døm har vore nokon faarlege ruggar aa føde paa - for det aller meste daa! Folk har ikkje godt taa aa faa slik makt som desse kultane har havt. Og døm var naa ikkje berre kvite englar han David og han Salomon hell - eg har nok lese Bibelen."

Men no vilde ho mor endeleg faa ho Torø baangjente te aa syngje "Och liten Karin tente i unga kungens gaard". Ho visste fraa før at det kunde bli hardt, skulde han Lars og ho Torø ruke ihop. Og kom han Morten Bjønnhaug au daa attaat, som han oftast gjorde, vart det heitare enn heitt, og aller verst for henne Torø. For han Morten hadde lese Bibelen "fraa perm te perm" og var den klokaste taa husmennom vaare.

"Nei, ikkje um Liten Karin naa," svara ho Torø. Men naa skal rikti du som heiter Ingeborg syngje Vikingebolken hass Fridtjov. So skal eg som heiter Torø sea syngje um ho Torø litol."

Ho mor hadde Tegnérs Fridtjov-saga, umsett taa Herman Foss - den hadde ho faatt, innbundne i fløyel og gull taa 'om Simen Faagne daa ho var femtan aar for det ho var likso god te syngje som mor si og bestemor si", sa han. Boka hadde kosta ein speisidalar. No kunde ho boka utnaat, og song" Vikingebolken" so det ljoma - og "Vaaren kommer, fuglen kvidrer" attpaa. Alle laut lyde paa dette.

Daa kjem ho Marte Blihovde og underbudeia innberande med mjølkespannet imillom seg, paa eit berartre, fraa fjøset. Og naa kunde dei fortelja at han Muhamed, storuksen vaar, hadde slite seg att, og gjekk laus. "Vi la ut jaga'n beint ut i snøen - og der gaar han ute so vidt du veit det, du som batt han sist og er slik klyppar te aa binde" - sa ho Marta spottande burt aat 'om Gunnar tenestgut som sat paa ein stabbe ved vea-roa. Han hykte seg ned og log. Men stod upp straks, fekk med seg han Ola Bergheim og strauk te dørs.

Dei var ikkje lengje burte. Jau no var han bunden med kjetting; og skulde staa te morgons, meinte han Gunnar.

No slo klokka sju slag.

"So fær vi nok hengje paa kveldvord'n, vi Torø," sa ho mor.

"Ja det var vel graut i gaarkveld, so er det eple [3] i kveld, daa har vi ikkje meir enn tid og time," sa ho Torø. 

Dei hengde upp gryta med tvo byttor eple og vatt ho fram over varmen. Og ho mor gjekk aat kjellaren etter tjukkmjølk.

Daa blinka han Gunnar paa meg, eg stiltra meg burtaat 'om. "Kaalrot," kviskra han inn i øyra mitt.


Ja sanneleg hadde vi ikkje nær gløymt kaalrota i kveld! - Vi gutane ned i kjellaren etter henne mor - og kom att med dei tri største røtom vi fann. So var det aa firkløyve og skifte ut aat alle som vilde ha.


So reiste dei seg karane, riste seg og bar ut soplimane; fem-seks limar kvar. So sopte dei kvist og flis burt i vea-roa. Og han Lars fekk hjelp te aa bera ut sleden sin. Sidan tok dei lykta, gjekk aat stallen og kveldstelte øykjom.

Daa dei no kom inn att, stod fire eplefat og rauk paa bordet; og fem svarva skaaler med tjukkmjølk.

Alle hadde sine rom ved langbordet. Og skjei og kniv paa veggen der bak, i skjei-treet. Han Torgjeir sat ved øvste enden næst 'om far, og dei andre etter alderen nedover. Kvinnfolka og vi borna sat paa frambenken.

So bøygde vi oss ned over bordet og hugsa paa at Gud gav oss maten.

- Han Torgjeir hadde fortalt oss so mykje um borkebrød og hardaar, so vi visste det var ikkje spøk aa bli matlause. Han kunde minnast tida som ho var før vi fekk jordeple.

Ingen taa oss unge fekk lov aa prate ved bordet. Han far, han Torgjeir, han Lars og han Morten, ho Torø og ho mor, dei  styrde ordet og tala fritt. Men vi unge skulde berre svara naar vi vart spurde - stutt og greitt. - I kveldseto-timom fekk vi kaate oss det meste vilde; men ved bordet var det spent som vi sat paa skule eller var te kyrkje.

No vart klokka halv ni. So bøygde vi oss nedatt ei stund, og stod stilt upp fraa benkjom. 

Karane rusla ut i natta, skulde heimatt, kaar aat sine plassar; tenestguten og gjentone noko seinare, aat romom sine. 

Te sist tok han far stall-lykta og vilde kaste eit "siste auge aat øykjom". Naar han daa kom inn att, var vi borna lagde, og sume taa oss alt sovna. 

Sjaa - soleis voks vi upp, paa gamal einkel bondevis. Og fekk" utviklinga" attpaa.

1) Det same eventyret som Asbjørnsen kallar Grimsborken.
2) Framifraa gode venner.
3) Jordeple, potetor.
Red.merk.:I boka er det fotnotar. Her er dei redigerte som sluttnotar.
 
 

Frå Andreas Austlid. Salt fraa folkehøgskulen. Oslo: Olaf Norlis Forlag 1926. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad