Ei soge um tvo bøker

(Artikkel, 1926)

Av Andreas Austlid
Paa uppfordring.

I. Korleis abcboka mi vart til.

Kunde eg so sant opne augo og hjarto paa folk - so borna deira fekk lov te aa leva sitt eige gudegjevne naturliv, og fekk hjelp og rettleiding te dette i skule og heim - daa vilde eg so gjerne gjera som Norskt Barneblad bed meg: fortelja noko um det eg har røynt her - fraa det eg var liten smaagut og te eg vart vaksen mann.

Naar eg skal fortelja ærleg korleis desse bøkene vart te, so er det best aa segja straks at mange har hjelpt meg. Fyrst kona mi og dei tvo eldste døttene. Ho fraa den tid ho var skulegjente og hjelpte meg so idherdigt med aa samle vyrkje aat abc boka; og sidan baade ho og dei med leseboka, med di dei var prøveklutane mine. Aat deim fortalde eg mest alt eg skreiv, før eg sette det upp i bøker.

Men det som gjorde storvendinga i min livslagnad ligg fyre denne tid. I attan aars alder kom eg paa folkehøgskulen aat Kristofer Bruun, og han førde meg inn paa ein ny veg, so eg vart lærar; fyrst for born nokre aar, og sidan for ungdom so lenge eg hadde helsa te det. Folkehøgskulen aat Bruun har hjelpt meg te det syn paa barnelivet at eg kunde skrive ei abcbok og ei lesebok paa min maate.

I uppvokstren drøymde eg mest um aa bli ein storhandlar paa fe og hestar. Og naar eg so hadde tent mange pengar, vilde eg kjøpe den største garden som fanst.

Ja, anten storbonde, eller óg kjøpmann. Torstein Lunde hadde vore bondegut *), stygg og skranglen som eg; og no sat han paa Veslehamar og var gauve for alle saman. Han var mønstermannen min heile det aaret eg gjekk for presten. Eg vilde vera gardskar det fyrste aaret, og tene meg upp steg for steg, te eg sat i inste kontoret hans og styrde heile greia. Og daa kunde han faa gjera som han vilde, anten det skulde bli Lunde & Østerlie, eller eg tok til paa eigen fast fot aaleine.

Eller kanskje den lange vegen fram te prest? Eg hadde klaga meg stygt for far og mor daa nokre taa kameratom mine fekk gaa paa realskulen paa Veslehamar, og kom heim te jol og sa "ein zwei drei", paa tysk. Næste jol kom ein bymann upp aat oss, i ætt med henne mor, og fekk talt han far i trua. Det kom so langt at han spurde meg um eg paa fullt aalvor vilde. Men daa hadde eg alt tenkt meg halvrædd. Det vart aa lære gresk og hebraisk og latin, det vart aa gjera seg te bok­orm heile si ungdoms tid, og lenger endaa. Kunde eg endaa berre vera viss paa at eg berga sjæla med det? Men det var eg slett ikkje viss paa. Enn um eg vart ein matprest? Desse tankane for igjenom meg som eldingar og skræmde meg.

Paa folkehøgskulen fekk eg att mine eigne barneaugo aa sjaa med. Og daa gaadde eg kor lite det var verdt alt dette framande eg hadde plugga i meg daa eg var liten. Mi sjæl hadde ikkje havt nokon vokster taa det, men heller krukna ihop, tykte eg. Paa folkehøgskulen fann eg att far og mor og heimegarden og noko taa meg sjølv og taa Gud. Daa hadde det dotte taa meg som visne lauvsblad dette eg hadde "lært" paa puggskulane daa eg var liten.

So skulde eg te aa halde skule sjølv - ein ungdom paa 20 aar! Og her sat eit tjug born og venta alt fraa meg, tirande blanke som morgosola! Korleis skulde det gaa?

Aa, eg fekk ta te paa berran botn med det vesle eg ærleg visste og kunde, det som hadde slege rot i meg. Gje meg sjølv, og lære litt um senn etter som eg lærde bornom.

Og eg saag ikkje anna enn dette gjekk.

No levde eg upp att i minnet, ihop med bornom, all den ljose og rike barndomen min der heime paa farsgarden: i vaaronna med Morten Bjønnhaug, i slaattonna med gutom og gjentom; med bøling paa sætra, etter moltor og bær og paa fisking; um vintrane i skibakkom, i svarte granskogen paa vedkjøyring med karom; og um kveldane ved peisen heime i stova.

Daa uppdaga eg at just dette vilde borna ha. Og eg uppdaga noko endaa rarare: at han Morten Bjønnhaug og Lars Haagaa'a, ho Stor-Ingebjørg og ho vesle Ragnhild Bergom, og ho mor og han far - dei hadde hjelpt meg meir fram enn alle desse skulane og skulemeistrane eg hadde havt daa eg var liten. Eventyret um han Faalaaragge, Dei tri bukkane i erteraakren, og fleire som ho Ingebjørg og ho Torø baangjente fortalde, hadde havt meir makt over meg te aa gjera meg snild, enn noko taa alt dette framande vi las og lærde paa barneskulen. Og songen hennar mor hadde sanneleg bore sola inn aat meg kaar morgon eg vakna. Dette saag eg no.

Han Morten husmann hadde fortalt meg noko um seg sjølv ein gong vi var te fjells. Han var ein vill gap daa han voks upp, sa han, og aatfunnig; han hermde etter folk naar dei gjekk og naar dei tala. So gifte han seg. Og daa fekk han eit baan, ei gjente, som var rar: ho gjorde uppatt alle dei faktor og læte som han hadde gjort paa spe og spott i sin ungdom. "Daa tok eg te fekk vet," sa han. "Vi er ikkje vaksne før vi blir 30 aar og fær ikkje vet før vi blir 40," sa han.

Dette tok meg for bringa meir enn alle bibelsprok eg hadde lært paa rams, og alt eg hadde lese um "Salig­gjørelsens orden" i Pontoppidan. For eg var so glad taa 'om Morten. Han kunde mest heile Bibelen, og daa han den gongen fortaide meg um Elias og Akab, saag vi store syner.

- No stod eg her med desse bornom. Eg óg laut freiste aa fortelja Bibelen paa den maaten, skulde det mone noko. Eg hadde kanskje endaa ikkje vaaga det. Det var mot alle regler. Og det sette store krav aat læraren. Men Kristofer Bruun sjølv hadde gjort det - paa skulen sin. Og han talde meg te - han som var so lærd! Daa vart eg trygg.

Ja, eg let vera all utanaatlesing, og berre fortalde. Etter Bibelen og etter Snorre. Trua sa eg fram høgt, Fadervaaret bad eg. Og salmane song vi.

Stundom fekk borna fortelja. Ikkje det eg hadde fortalt - det trudde dei seg heller ikkje te aat meg - men eventyr og sogor som dei hadde høyrt heime. Sumt taa dette fekk dei daa skrive upp, etter som dei lærde og greidde det, og plent som dei sjølve hadde fortalt det. Dette retta eg so smaatt og senn over te landsmaal. Men heime fortalde dei det det hadde høyrt paa skulen - um kveldane.

Eg hadde lært aa lesa utor "Haanaa-abc'n" daa eg var liten. Ei fæl bok. Der stod Fadervaar og Trua med feite bokstavar. Og der stod Moses og Gudfader avskildra - og skræmde meg slikt at eg minnest det endaa, so strenge og harde var dei. Men daa eg vart van ved deim, vyrde eg deim ikkje lenger; for eg kunde nok vita det var ein tufskrok som hadde gjort noko so stygt, kanskje te aa skræme meg; og i vissa var Gudfader mykje mykje vakrare, det visste daa alle. Men daa eg hadde lese ut boka, og hanen som stod paa siste blad, endaa ikkje vilde gala, vart eg reint styrlaus, la ho paa stabben, sette øksa gjenom ho og slengde ho paa varmen. Daa fekk eg ris.

No kom det ein liten blaaøygd gut med ei slik abc­bok paa skulen min, [sic] Nei, den boka kjende eg alt for vel, eg var ikkje i stand te aa la han stave i ho. So gav eg han Ein sogebundel i farten, og las høgt Bukken og bekren som bygde hus. Og der lærde han aa lesa, baade fort og godt.


Er det ikkje verre, tenkte eg.

Daa lovde eg meg sjølv at ei raad skulde det bli, so borna slapp pinast lenger med slike vitlause abcbøker. Og no tok eg te aa skrive upp - barneprat utor munnen paa bornom og det eg sjølv kom paa, fraa den tid eg var liten - gaator, reglor, hermestev, baansullar. Og eg lærde deim aa skrive og lesa det.

So ein vinter lyste Vestmannalaget i Bjørgvin ut ein premi for den beste abcbok paa norskt maal.

Jau, her vilde eg vera med. Og no fekk eg ei "heit heto". Men boka ho vart ferdig, kom til tidar - og fekk premien. Det siste var eit under, tykte eg. Ho vart prenta hjaa Eide i Bjørgvin sumaren 1880.

Det hadde kome inn 5 bøker vart det sagt. Gamle Ivar Aasen óg var med. 

Mange log aat dette baansnakket og kjøkenpratet, som dei kalla det. Tullboka vart ho heitande, og dei gjorde nar taa meg med. Men sume kytte og sa det var den beste abca som bondeborn til denne tid hadde havt. 

So eg var ikkje motlaus, skal tru. Og reint ogopaa vart eg, daa eg fekk eit varmt brev fraa Jakob Sverdrup, som sa boka kom over han som ei openberring fraa Noregs folkeaand, og eg sidan høyrde at Moltke Moe hadde vore paa Ringerike og lese upp og sagt at ho var inspirera. Naar eg hadde slike karar med meg, so - Sanneleg, dei hadde skyna ho. I vissa - noko sant var det. Eg hadde mest ikkje vore utor klædom eller sove skikkeleg ei natt heile den maanen eg skreiv ho, i slik ofse hadde eg vore - no kom eg te hugse paa det.

Men ein ting visste kje dei likevel; og det var at det blenkte ei lita erle gjenom heile dette arbeidet: det glade gjentebarnet som sidan vart kona mi. Ho var mønsterbaanet for meg den gongen; ho gav meg raad og rettleiding um ord og vendingar, ho samla brev aat meg fraa bornom; ho hadde bede Gudfader um at arbeidet skulde lykkast.

Lykkast hadde det verkeleg gjort. Boka fekk meir og meir det ordet at ho las seg sjølv. Utan hjelp fraa dei vaksne, sa dei. Var det so sant berre tvo born ihop, so slapp dei vaksne alt bry. Og daa fekk det vera som det vilde med dette rare maalet, hadde dei sagt.

- - -

No hadde ho vore ute i tvo upplag og skulde ut det tredje. Daa skreiv eg ho upp att og gjorde ho mest ein gong te so stor. Med skrift-bokstavar og ljod-"metode", heilt upp paa moten. No vilde eg ha teikningar óg.

So søkte eg stortinget um hjelp te dette.

Ja stortinget gav hjelp. Ikkje aat mi bok serskilt, men te ein premi, paa fire eller fem hundre kroner, for den beste abcbok paa norskt maal, nett som Vestmannalaget hadde gjort før; so kunde kven som vilde skrive, og det beste koma fram.

Boka mi hadde vore elt hastverksarbeid, med mange pedagogiske veilor, som eg sjølv saag sidan - endaa tefanget var taa det aller beste. Dei tri bukkane som ikkje vilde utor erteraakren t. d., det eventyret hadde ho Torø baangjente fortalt so meisterleg morosamt daa eg var fangbaan, so eg log i villan sky; men no hadde eg gløymt alt. Og ho Torø med, daa eg kom upp aat henne - gomol og graa sat ho der no. Der sat vi - berre med eit blakt minne um ein berrføtt gut og nokon store leide bukkar, og so ein rev som lest graate - 

"Ja den reven, du Torø, han var morosam -" 

Ho: "Nei bie no - Fyrst er det vel haren som kjem?"

Eg: "Ja; - men var det ikkje ein bjønn au?" 

Ho: "Jau - nei - no kjem ulven du; og so kjem bjønnen - etter som dei er store te, ser du. Og te sist kjem tordivlen og segjer brrr!"

- Ja, detta eventyret har nok vi tvo berga fraa dauden. Eg veit ingen annen enn ho Torø som kunde det; og ikkje var det uppskrive før eg skreiv det aat abc­boka. Men han Faalaaragge hadde ho gløymt heilt - ho hugsa berre namnet. Der laut eg bruke Grimsborken i staden, daa eg endeleg skulde ha ein gild hest aat leseboka.

- Det var mange som sende inn abcbøker den gongen, heile tolv stykke, so vidt eg hugsar; tvo-tre berre fraa Telemark. I domsnemnda sat skulestyrar Jespersen og Hedvig Rosing som baae tvo hadde skrive abcbøker paa bymaal, og barnelæraren Stefan Frich.

Mi bok vart teki. Ja no skulde ho faa koma ut med bilete! "Tryaa heile dagar til ende" sat Nils Bergslien og eg og funderte ut teikningane. Og desse gjorde han sidan som ein kar - sjaa berre paa reven som sit og græt, og paa han Tyrihans og alle dei kostelege baaneandleta! Gamle Fredrik Beyer tok ho te prentings, og skulde halde ho fal i 40 000 ekspl. gjenom fire upplag. 

No er det a/s Lunde & co. i Bjørgvin som har ho. I 1924 kom ho ut att i ny umvølt utgave - niande upplag, nittiande tusen - med nokre nye songar, og ei mengd med fargelagde vakre bilete og barneteikningar, slike som borna kan klippe og teikne sjølve - so einkle er dei.

- Det som var det sermerkte for denne boka er ikkje det at ho var so og so "god". Men at ho fann att vegen aat bornom, naturvegen fraa upphavet - som borna vil gaa paa og som Gud  vil dei skal gaa paa, so lenge dei er born. Og ho jamna denne vegen, so vi vaksne ikkje kan faa meinke deim lenger med vaare kloke paafunn og paahitt, men lyt la livet ha sin gang. Ho vart snøplogen som kjøyrde fyre - ingen ting anna. No er vegen brøytt, og det vil koma og skal koma bøker som er betre enn mi. 
II. Korleis leseboka vart til.
So kjem leseboka. - Men fyrst maa eg fortelja noko meir um den jord botnen ho grodde upp ifraa og det vêrlaget som dreiv ho fram. Dessverre, det blir for mykje um meg att. Men eg og desse bøkene er eitt.

Barneskulen min var fri. Eg hadde skapt og bygt han, etter dei grunntankom eg hadde faatt paa folkehøgskulen aat Kristofer Bruun. Og foreldra - 20 husfedrar eller kaa det var - maatte gje meg heil fullmakt te aa stelle skulen som eg vilde. Kunde dei ikkje det lenger, so tok dei borna sine ut or skulen. Det var borna og ikkje anna band som batt meg og deim ihop, og det bandet kunde dei løyse naar dei vilde. Presten, han hadde ikkje meir aa gjera der enn koma kvar vaar og halde eksamen - sjaa etter so "kunnskapen" vart rett driven, i kristendom og andre læregreiner.

Te all lykke for skulen var denne presten i mange aar ingen verre mann enn barnevenen H. Halling. Han spurde berre med eigne ord, aldri etter bok, ikkje eingong aat lesarbornom sine. "Den avskyelige pugg -" ropte han eingong, daa ei slik "flink" gjente ingen ting visste anna enn ho plapra etter Pontoppidan. Ja han fortalde og fekk borna mine te aa fortelja - so det var rein fest naar han kom. Han var med oss og leika i ringen kring joletreet - -. Eg kunde fara som eg vilde for alle umkring meg - so nær som for den store hopen - men dette andsvaret gjorde meg so sterk at eg arbeidde for tvo naar det kneip.

Vi kan vita at ein slik skule kunde ikkje faa fred i 70 aarom - endaa um ein heil flokk ungdom og born var glade i han. Nei, biletet vart nok ikkje sant um eg tagde burt skuggane - lygnene og alt folkesnakket - som smaug umkring, og av og te kom veltande og vilde tyne oss. Dei var like inne te bispen og kyrkjestyret. Eingong med spurnad um det var "lovlegt" aa fara aat so aagaalaust som eg gjorde. Men bispen og kyrkjestyret fann inga "lov" som kunde setja meg fast eller stanse skulen.


Eg leid meir enn eg vilde vera ved taa alt dette, endaa eg var baade ung og mota, og svært uvyrden um æra mi, aa sjaa te.

Eg vart heitande ein "ungdommens forfører" alle dei aara eg heldt friskule for born.

Og alt dette staaket kom taa di eg stod fast paa at "Pontoppidans Forklaring" ikkje var nokor barnebok - kor klok ho elles kunde vera i seg sjølv - og at eg hadde anna aa gjera paa skulen min enn aa plaage borna med ei slik tung bok, - eg hadde ikkje noko gagn havt taa henne daa eg var liten; og no brukte eg Bibelen og let den boka vera for det ho var - kanskje god tysk teologi - Guds ord var ho daa ikkje!

Mest alle lærarar og prestar er samde um dette no, dei synest det er som fot i hoso. Men den gongen hadde vi deim óg imot oss, attaat den store hopen. Gamal vane er vond aa vende.

Ei moro lyt eg fortelja. Det kom ut det ordet at eg var mormon - eg hadde forkynt den læra au, paa skulen. Dette tullet trudde dei paa, helst i grannbygdom. Men foreldra og presten log aat det. Eg skyna ingen ting taa dette. Jau, endeleg kom eg etter med di.

Eg hadde fortalt paa skulen ein dag um Samuel daa han var smaagut, og um Hanna mor hans, alt dette underfulle som hende henne og den guten. Og eg la ikkje dølsmaal paa at far aat Samuel hadde ei kone til, som ikkje var snild. So spør ei lita gjente um det ikkje var fælt stygt aa ha tvo kjeringar, ja um det ikkje var synd. "Jau no vilde det vera synd," sa eg - "for oss; no daa Kristus er komen og har sagt det klaart og greitt, og har hjelpt oss óg te aa sjaa klaarare. Men den gongen, heldt eg fram, saag dei ikkje paa det som noko gale. Og Moses hadde ikkje vaaga seg te aa nekte deim det - han hadde sagt at kongen deira ikkje skulde ha mange konor, men han hadde ikkje sagt at han skulde ha berre ei; dei var ikkje komne so langt at han vaaga det." So nemnde eg Abraham som tok Hagar, endaa han hadde Sara før, og Jakob med Lea og Rakel, og David som hadde minst seks vi veit um - og fleire gilde karar fraa den gamle soga aat hebræarom.


Den dagen sat det nokre "farisæarar" og lydde paa undervisninga - elles kloke folk. Og dei hadde vorte "forsigna, ja forfæra", sa dei, over kor livleg eg hadde fortalt og skildra alt saman. Serleg det um dei tvo konor, det var mest for livlegt, etter deira skyn. Hadde no borna berre lært dette utanaat i ei bibelhistori - daa hadde det ingen faare vore, let dei. Men aa faa det fortalt paa den maaten - sjaa der laag faaren; det kunde føre deim beint ned i mormonisme! Og Gud veit naa kaa denna livlege læraren tenkte og bar paa innanfor den smilande yta si - meir vilde ikkje dei segja denne gongen, o. s. fr.

Fraa her kom snakket, denne gongen. Og stygt saag det ut.

Eg skynar enno ikkje korleis nokre taa dei ræddaste foreldrom vaaga aa sende borna paa skulen min, so som dei vart lokka og truga te aa ta deim att. Men det var nok Stor-Kvaalen aa takke - han var paa vaar side og hadde ei veldig magt - og ungdomen fraa folkehøgskulen som var i ungdomslaget vaart - og so presten, som stod attum oss med ein smil, og sa at dei lærde meir paa denne skulen enn paa sjølve Fastskulen. Desse og borna gjorde utslaget.

Ja Halling let deim "sleppe fram" so fort dei kom - utan Pontoppidan; dei hadde kristendoms kunnskap meir enn nok likevel, let han, dei kunde svara paa alt han spurde deim etter.

Eg tala og fortalde, og let borna faa fortelja. Eg reint vanvyrde dette Vigtig-Per-sproket aat dei vaksnej brydde meg berre um born, var ihop mest berre med born - soleis som dei tala skulde eg lære aa tala. - Men vi laut daa ha nokon bøker aa lesa i.

Eg hadde lese Grøgaards og Knutzens lesebøker daa eg var liten; no var det Jensens. So hadde eg lese Berlins Naturlære, ho var mest den likaste. Men vaksnesprok og byknot og framandt maal var alt dette for fjellbornom mine. Og eg som hadde sagt at eg vilde setja deim paa "berr bakke med deira eige maal baade i munn og i penn" - det var ikkje greitt aa finne lesnad i den tid aat bornom mine.


Vi las Ein Sogebundel og det Samlaget kom med; leseboka aat Paulsen; Fraa Bygdom, Fraa Dansketidi, det Janson kom med; Fraa Vestlandet, Svein og Gudveig, som Krohn og Vestmannalaget kom med. Men det stoppa ingen ting.

So laut vi te med Arne og Synnøve, Falk-Ytter-bøkene, Kongsemnerne, Mellem Slagene, Islands-sogor paa dansk, Tusen och en Natt paa svensk, Topelius paa same maal o. s. b. Ja til og med Vilsters Odyssélas vi; vi hadde ein gut som las denne siste so det berre vogga i stugu'n. Men Asbjørnsens eventyr var "for gode" te aa lesa; deim fortalde vi.

Men det la eg daa snart merke te, at naar det galdt innhald var det ingen ting som hadde slik makt over borna, greip deim so fast um hjarta og gjorde deim stillfarande og gode - som det vi fekk utor Bibelen, og so desse smaastubbane mine, fraa eg var smaagut, berre eg fortalde deim friskt og sant. Det var um Graaen vaar, eller um ho Frøya, eller um han Torgjeir Kniv, um Aamund bror som døydde, eller um Vesle Ragnhild, um far, um mor - same anten det var løglegt eller aalvorsamt - daa blenkte augo deira og dei livde med i det, reint som dei saag det. Visst gjorde det sitt at eg fortalde og ikkje las. Men det var ikkje alt. Nei, desse sogone laag dei so nær, so nær.

So tenkte eg dette kunde du vel skrive upp aat deim, og la deim lesa det sjølve.

Soleis bar det te med tanken paa ei lesebok for born. Og meir og meir fekk eg aa skrive um daa eg fyrst kom meg i veg.

Men det skulde gaa mange mange aar før eg vart ferdig - over 20 aar! Eg drøymde ikkje um alle van­skane eg, den gongen.

I 1889 sende eg likevel ut eit 1ste band te ei prøve. Mons Litleréi Bergen mana meg te det; og han spreidde ut tvo eller tri tusen. Daa var eg ved folkehøgskulen i Hardanger og hadde kjering og born og gard.

Men boka var for einslungi, og for høgt lagd for vanlege born i den alder - same kor fint og vent alt var fortalt. Ho maala for mykje, med rosor og fine fargar, og hadde for lite med kvike og friske hendingar. Og berre døla-liv upp og i mente, mest ingen ting fraa hav-kanten. Og so min stil paa det alt saman.

Daa var eg motfallen ei heil tid, og tenkte eg kunde no nytte stundene mine betre enn aa kaste deim burt paa ei bok, som eg likevel ikkje fekk-te so ho vart te gagn.

Men so sette eg ei øks tvert gjenom fotbladet mitt, ein dag vi var paa lauvskog. Og daa fekk eg so god tid te aa tenkje, at eg "tenkte" dette kunde vera ei straff for at eg hadde svikta.

So var det paa berran botn aa ta te att. Velja strengt - berre det som var nakne hendingar av mitt eige. Ikkje noko langprat - berre fortelja. Stutt og greitt, utan fusk og fals, paa beinaste og einklaste vis! Sidan vilde eg la kona høyre det, og dei tvo eldste smaagjentone - og leggje vel merke te kva dei brydde seg um. Det som hadde stade for den domstolen laut faa koma inn i boka.

Men paa den maaten vart det lite att taa meg og mitt. Og fraa bøker  var det ikkje mykje aa finne den gongen, so fatige som vi har vore og enno er paa barne­lesnad. - Nei, eg maatte faa gode folk te hjelpe meg aa skrive.

- - -

Og mange har hjelpt. Sigurd Nesse var nok den fyrste. Han saag igjenom haugar med handskrift aat lste og 2dre band, og har sete mang ein lønlaus dag, og natta med, denne trugne gamle venen. Aa rekne seg løn var hans ære for nær, i dette arbeidet. Han fekk meg te aa sjaa klaart at den fyrste boka (fraa 1889) var for einlagd - vi maatte ha friskt umbyte alt i eino, slike var borna, sa han - og han gjorde uppkastet te dette vanskelege lste bandet. Sjølv gav han taa sitt eige, det eg bad um, berre han kunde tru det var godt nok. Der var daa eg domar.

So er det professor Moltke Moe, granskaren, venen aat oss alle! Han fekk ikkje tid um dagen, men sat med meg um natta, i 14 døger fraa 11 til 3, og fyllte alle hol i dette vanskelege lste bandet. Fraa sine rike samlingar gav denne barnevenen oss alt han trudde dugde.

So kom Anders Hovden, diktarpresten vaar; han hadde vore sjømann og fiskar, og druste ut med raust hand og rikt hjarta - og takka meg sidan attpaa for "god framskuv". For no kom han med Hardhausar, og ei bok til, og ei bok til - den eine fødde den andre daa han fyrst var komen "paa los".

So kom Kristen Stalleland med sin friske varme barnepenn; so Hallvard Berg, Johannes Skar, Ivar Mortenson, Marta Vigdal,Rasmus Løland, mange, mange - - - og te slutt vart det ein rikdom som mest ingen ende tok. Rasmus Flo sat hjaa meg tvo maanar og granska og bladde haugane - han sa at no hadde vi vyrkje aat tri leseverk minst. "Men ikkje alt er like godt," sa den kjære gode Flo med sin varme smil. Han var so glad i dette arbeidet so eg har ikkje maken set. Og so skulde han døy ifraa det, før alle tri banda vart ferdige - !

Lars Swanstrøm, Cammermeyers forlag, tok verket og gav det ut. Han sparde ikkje paa utstyr eller paa gode og dyre teikningar. Boka skulde i so maate vera fullt jambyrdig med Rolfsens og andre slike verk her i landet. Fyrste bandet kom i 1901, andre bandet i 1904 og det tredje i 1906 - 10 000 taa kaart band. Swanstrøm har i alt sendt ut fire upplag taa desse tri band. Eit fjerde band har eg no ferdigt i handskrift.

I 1923 fekk Steenske forlag boka; og vil no med det aller fyrste sende ut heile verket, alle fire band, i ny bunad. 

*) Fraa Lunde i Gausdal.
 
 
 
 

Frå Andreas Austlid: Salt fraa folkehøgskulen. Oslo: Olaf Norlis Forlag 1926. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad