Amberg-klokkaren

(Lesestykke, 1910)

Av Andreas Austlid
Dei kalla honom "Bikkjeklokkaren" óg, - han var so overlag til vens med alle hundar i gardarne. Sjølv so hadde han no tvo-tri, og dei fylgde honom daa baade i kyrkja og kvar han fór. Han budde paa Amberg og var klokkar ved hovudkyrkja i Lom. Lentug var han og ordhittug; han løyste laatten kvar han kom. Og so mjuk og ledug og frisk var han paa føterne, at ingen kunde kappspringa med honom.

Han og Hauga-mannen var dei beste skyttarar i Lom; dei fylgdest daa mykje aat. Haugamannen var slik ein eintenkt, endefram bjørn. Men han var so stød til aa skjota, at fekk han fyrst sigte, so sette han kula der han vilde. Ein gong hadde han vaaga med Amberg-klokkaren, at han skulde skjota snusdaasen hans. Daasen var av sylv. Amberg-klokkaren var nok ikkje trygg, og so vilde han faa tendra paa. Dei hadde flintbyrsor i dei tider. Aa ja. Hauga-mannen sigta, og Amberg­klokkaren tok ein brand og stakk frampaa pipa. Men det small ikkje. Daa ropa Hauga-mannen: "Tend paa der du skal, din larv!" Daa var Amberg-klokkaren ferdig; for det var nett det han hadde venta paa, aa faa honom til aa tala. Og so small det. Men Hauga-mannen skaut snusdaasen hans midt igjenom.
 
So var det ein gong dei var til fjells og kom i kast med ein bjørn. Det var inni Jotunfjelli, eit lite stykke fraa Gjende-budi. Del skaut paa han baae tvo. Men bjørnen vide ikkje stupa; han kom imot deim og vilde taka deim. Dei tok føterne med seg, vilde koma upp paa Gjende-bud-taket; og bjørnen etter. Daa ropa Amberg-klokkaren: "Tak Hauga-mannen, du rekk ikkje meg!" So sprang han til og kom uppaa taket. Og Hauga­mannen etter; men daa fekk bjørnen tak att-i eine foten hans og reiv sund hæl-seni. Men i det same stupte bjørnen - og var daud.
Elles var det reinen dei fór etter. I Jotunheimen er det ei mengd med rein. Skyttarar fortél dei hev sét flokkar paa fleire hundrad som leika seg og dansa paa dei store snøfonnerne. Og so fort fór dei, naar dei vart skræmde, at dei var aa sjaa til som stripor eller graae skuggar som rann burtyver fjell­viddi. Og like fort yver ville urder som paa slett mark. Der skyttaren knapt tórer fara, der spring reinen so du kann snaudt tru han er nedpaa.
Men endaa so vinn skyttaren. Han kjenner reinen ut og inn: veit kvar han tok vegen, og veit kvar han stana. Han krøkjer seg etter, imot vinden, paa hender, paa føter, snart uppe, snart nede - og so attum ein stein. Og so smell det: likaste reinsbukken sprett ende upp og stuper daud. - Det var ikkje berre Amberg-klokkaren og Hauga-mannen, men det var mange sidan ogso der uppi som ikkje sytte vidare for haustslagt, anna dei tok byrsa og kom att med det ifraa Jotunheimen.
 
Ved mikjelsmess tider tek skyttaren til fjells. Daa kjem bukken attende fraa dei einslege beiti, der dei gjekk for seg sjølve og vart feite, - dei kjem som fuglen fyk, skal finna att simleflokken. Daa er der moro. Dei ryk upp og slæst; tvo og tri og fire i ein gong, um kven som skal vera hovding og eiga flokken. Dei som fær juling vert so slubne at dei stryk og søkjer seg ein annan flokk; men han som vann vert att; han heiter haldsbukken og er konge yver flokken. Daa er det att nokre smaabukkar, som ikkje vaaga setja seg upp, og dei fær ganga i fred og stella med simlorne. Haldsbukken hev meir enn nok med aa halda ihop flokken og jaga attende alle som vil røma. Daa er han morsk; han flyg som han er rasande, so skumet velt, og feittet renn etter klauverne. Reinsskyttaren fortél det, at naar dei skyt ein slik bukk og flaar han straks, so er kjøtet so varmt at det slepper fraa beini, og blodet er som kokande. Dei brukar aa drikka av det; det smakar som søt-rjome, og er mest det beste dei fær, tykkjer sume. Daa kann dei halda seg baade ein og tvo dagar forutan mat.
Amberg-klokkaren hadde funne innpaa eit slikt hald. Ei simla hadde fenge vêret av honom og vilde snika seg burt; men haldsbukken vart var henne og sprang stad og jaga henne inn i flokken att. Ho freista ein gong til. Men daa vart nok bukken harm. Han rende etter og kom framum og tok henne paa horni sine og kasta henne attyver seg so hardt at ho laag daud. Daa han fekk sjaa det, vart han standande so forundra og berre stirde. Men so fekk Ambergklokkaren tak og skaut bukken, so han fall daud yver henne. Den bukken vog 8 vaager, og skjeldret eller feitthinna paa skrotten var tett inn­paa ei vaag.
Det var ein annan gong inni Veodalen; Amberg-klokkaren og fleire til gjekk etter reinen, og so fann dei eit stort hald. Heile flokken gjekk samla i Trollstein-kvelven; dei hadde han som i ein kjêl, det var berre dei gjætte opningi. Haldsbukken synte lang leid. Det var laurdags kvelden, fint maaneskin, og der stod dei no og samraaddest. Men helgi er heilag, jamvel i fjelli; dei vilde ikkje skjota. Det er nok ikkje godt um at nokon løyser skot paa reinsdyr ifraa laurdags kveld og til maandags morgon. "Det løner seg klent, - det kjem saart attpaa att," sagde dei gamle. - Amberg-klokkaren skulde vera ved hovud­kyrkja paa Lom um morgonen og syngja. Fraa Trollstein­kvelven og dit er 5 mil. Men han tok i vegen. Han kom til tidar, so sveiten rann, og song. Og etter messa tok han vegen att; han var ikkje huga til aa sleppa ifraa seg haldsbukken. Tidleg maandags morgonen var han i Trollstein-botnen i lag med dei andre. Der skaut han haldsbukken som vog 9 vaager; dei andre laut nøgja seg med simlor og smaabukkar. Men den ferdi hans den gongen er spurd i Lom, so lenge som skyttarar finst. Det kann ingen gjera honom det etter, segjer dei.
  
So fann han paa, han og nokre andre, og fekk tamrein fraa Finnmarki og hadde ut i Visdalen. Det var ein heil flokk, og han roa seg og treivst; dei gjekk og saag um deim ein gong imillom og gav deim salt. Amberg-klokkaren hadde ikkje vore der paa ei tid. So er det ein morgon han tek i vegen; det var klaarver og kaldt, snøen var so hard at han kunde halda uppe um det so var ein hest. Amberg-klokkaren gjekk paa skaren og bar skierne; byrsa hadde han med. Daa han kom ut paa ein bergrygg, ser han reinsflokken ned under seg nedi dalen; men dei spring hit og dit reint som ville, og so flokkar dei seg og stirer paa alle kantar. Han tenkte paa um det kunde vera ulv eller jarv. Han gjekk nedaat og løyste upp saltposen og tok paa aa lokka. Og dei kom. Men i staden for aa vilja hava salt kjem dei og vil taka honom; dei renner paa honom i fullt sinne. Men Amberg-klokkaren lét seg ikkje skræma. Han tek seg tak i horni og skyt seg upp paa ryggen paa den fyrste den beste rein - og let det standa til sprangs. Dyret sprang, so lenge det orka; til slutt rulla det i koll, og Amberg-klokkaren drap det med kniven sin og skvette blodet kringum paa snøen. Daa reinsdyri kjende blodteven, stâna dei og tok til aa belja. Amberg-klokkaren sprang til og fann att byrsa si. Men i det same høyrer han brak og brot beint ovanfor seg, og ned gjenom gilet kjem det ein stein, mange hestelass stor, og rullar tett framum honom. Og nett so mykje han fekk kasta seg til sides, kjem det ein bjørn og skundar seg burtpaa den daude reinen og tek til aa riva og ruska. Amberg-klokkaren etter. Bjørnen fekk kula, so han seig beint ned og leda ikkje ein labb meir. Men reins­dyri sprang som dei var galne . Det fyrste Amberg-klokkaren gjorde, var aa leita deim upp att og faa deim rolege. So gjorde han slede av skierne sine: skar buskor til millomlag og vreid vidjor til tog. Og so lagde han bjørnen paa sleden, og reins­dyret ovanpaa, og tok paa heimveg. Men daa han kom til bygdar med lasset sitt, var det mest so folk spratt utor stovorne og maatte sjaa udyret. Det var ein diger hanbjørn, av dei fælaste som finst.
 
 

Frå Lesebok for folkeskulen ved Andreas Austlid. Tridje bandet. Andre upplaget. Alb. Cammermeyer Forlag, Kristiania 1910. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad