Tidender.



Kristiania, den 17de Oktober.


Svenskefjesket.

Idag, daa Kongen kom,
var det svenskeFlagget uppe:
paa Brandvakti, Karl Johans Gata,
hjaa Konsul P. Petersen , Do. (No. 16.)
hjaa Kjøpmann Hornburg & Co., Do .
hjaa H. S. Dahl , Kongensg. (25).
hjaa Musikhandlar Carl Warmuth, Kongensg.
hjaa Otto Falkenberg , Akersgata (Athenæet)
paa Kristiania Tivoli ,
paa Hotel Stockholm, Jernbanegata.


Vassvegen millom Ulefoss og Strengen. Fyrearbeidet med denne Saki er no komet so langt, at det skal sendast til Departementet.

Planen gjeng ut paa, at Arbeidet skal fullførast paa 5 Aar, og er meint aa skulle koma paa 1,500,000 Kr. Tredjedelen av dette er teiknat, so at dei kjem til aa beda Staten um 1 Mill. Kr.

Amtskommunen let til . . . . . . . Kr. 75,000
Skiens Kommune . . . . . . . . . . .     75,000
Brukseigarar i Skien . . . . . . . . .     75,000
               paa Ulefoss . . . . .        20,000
Aamdals Koparverk . . . . . . . . .       81,000
Lunde Heradstyre . . . . . . . . . . .     46,400
Kvitseid . . . . . . . . . . . . . . . . . .    56,000
Laardal . . . . .. . . . . . . . . . . . . . .    14,000
Mo . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   24,000
Vinje . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   18,000
Rauland . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   10,000
Nissedal . . . . . . . . . . . . . . . . . . .   4,000
Eikabygd i Bø . . . . . . . . . . . . . .       1,553
                                 Tilsaman Kr. 449,953

Naar dei fær istand denne Vassvegen, eit Par Mil lang, vert Nordsjø- og Bandaksvatnet samanbundne, og dei kann sigla 15 ½ Sjømil inngjenom Landet fraa Skien, alt til Mosokn, vestlengst i Telemork.


I Studentarsamfundet ordskiftest dei no um Kvendesaki, Formannen der Hagerup heldt fyrste Talen og vilde hava full Fridom for Kvinna, og det endaa han var Høgremann; andre Høgremenn likad fælt ille, at han skulde tala soleids.


Ny Folkehøgskule. I Sandeherred vil, skriv Buskeruds Amtst ., ein Folkehøgskule verta sett i Gang ikring Midten av November. Hr. Oddm. Vik, som fyrr hev voret Lærar ved Skulen hans Ullmann, skal vera Styrar.


Ein ung dansk Diktar Herman Bang hev voret her og haldet Fyredrag um Bokheimen vaar.


Faarlege Folk. Tvo Kvinnfolk og fire Karar kom no ein av Dagarne inn paa ei Ølbud nede ved Nytorget og bad um aa faa kaupt nokre Ølflaskur. Dei fekk daa det; men daa dei snart hadde sett dei tillivs bad dei um aa faa meire. Verten tykte, at dei hadde fenget nok og vilde inkje vera til Tenest med det. Dette vart ei av Kvinnfolki gresjeleg vond for, og ho gav seg til aa skjenna paa Verten so mykje ho vann, og til Slutten gav ho seg til aa klora og slaa honom i Andlitet til Blodet rann. Verten freistad aa verja seg so godt han kunna; men so vart han spent i Underlivet av ein av Mennerne, so han uvitad. Selskapet gjekk daa sin Veg, og Mannen, som snart kom til seg sjølv att læste Døri. Medan han heldt paa med det, kom Kvinnfolket attende og rende so hardt mot Døri, at Glasruturne gjekk i Bitar og skar henne so sleimt, at dei laut paa Sjukehuset med ho. Politiet vart no hentat og heile Ufredsfylgjet vart havt paa Raadstova, ein av Mennerne sit framleides i Fangeholet.


Det nordslesvigske Spursmaal hev det inkje voret rødt nokot um Magterne imillom no paa lang Tid, so Folk hev vant seg til aa sjaa paa det som ei Sak, som ein Gong for alle er avgjort og inkje kann endrast. Men no for inkje lenge sidan kom det engelske Blad Times med eit Stykkje um Nordslesvig og sagde, at Stormagterne burde taka seg av Saki. Inkje vedHjelp av Vaapen, men paa ein fredeleg Maate skulde den Del av Nordslesvig, som talar dansk, gjevast attende til Danmark.

Bladi i Tyskland vart fælskeleg so vonde for dette Stykkje. Dei meiner so til, at England inkje hev nokot med aa leggja seg upp i den Saki; Nordslesvig er tysk og lyt finna seg i framleides aa vera tysk, segjer dei, og dei gjev Danskarne det Raad, at dei aldri bør bry seg um det, som Times segjer, daa England aldri hev voret nokon trugjen Ven mot Danmark. Vidare segjer dei, at det vilde vera nok so snilt av England, um det let Irland og andre Lydrike faa Fridom; men eit Land, som hev so mykjet aa reinska upp hjaa seg sjølv som England, det bør aldri bry seg med aa gjeva andre Styringar gode Raad.


Frankrige. Franskmennerne vil inkje vita av nokot Venskap med Tyskland. Folket er helder misnøgde med Styringi dei trur, at ho hev høyrt væl mykje etter det Bismarck segjer. No er eit av dei franske Storbladi endaa ein Gong ute og upplyser Folk um, at det er berre i Kongospursmaalet Frankrike og Tyskland kjem til aa standa saman, daa deira Hugmaal der er dei sama. Ellest fær Bismarck berre Vantakk for det, at han skulde freista aa gjera seg blid mot Frankrike. Han hev ved det berre vunnet, at Franskmennerne hev dreget seg greidare til Minnes Elsas og Lothringen og Uppøsingi mot Tyskland hev vakset seg større enn ho hev voret paa mange Aar.

Tingi vart opnad um Tysdagen. Styringi bad um 11 Milionar Franks til Krigen i Kina.

I Kina skal Franskmennerne hava Vinningi, segjest det; men ellest so er Meldingarne derifraa so litet aa retta seg etter, at det inkje er godt aa vita kvat ein skal tru.


Kolerasjukenlinnar framleides av baade i Frankrike og Italia. I Spania hev han voret svert spak heile Tidi.


Ville Dyr i India . I India gjer Folk alt det dei kann for, at Talet paa Ormar og Tigerar og andre ville Dyr skal minke av; men til dessa hev dei havt liti Like for Strævet. Statistikken for 1882, som nett no er ferdug, syner, at dei Folk, som vart drepne det Aaret, var fleire enn det nokonsinn hev voret fyrr, inkje mindre enn 22,125 mot 19,279 for 7 Aar sidan. Av desse vart 19,519 drepne av Ormar, 895 av Tigrar, 278 av Graabeinar, 207 av Leopardar og 60 av Elefantar. Av Kretur vart i 1882 drepne inkje mindre enn 46,710; Tigrarne tok 16,517, Leoppardarne 15,970, Graabeinarne 8,661 og Ormarne 2,167. Same Aaret vart det drepet 18,591 ville Dyr (Ormarne undantekne), og det er mindre, enn det hev voret no paa mange Aar. Av Ormar derimot drap dei i 1882 322,421 mot 117,958 for 6 Aar sidan. Av Tigerar drap dei i 1882 1,726, av Leopardar 3,736, av Bjørnar 1,329, av Graabeinar 5,119 og av Hyænur 1,399. Styringi bitalar Skotpengar for desse Udyri og i 1882 vart det gjevet ut inkje mindre enn 254,970 Krunur til det.


Fra Styret for det norske Samlag. Ved Storthingsbeslutning af 6te Juni d.a. er der stillet Styret til Raadighed et Beløb af 400 Kr. for at anvendes som Konkurrancepræmie for en A-B-C i Landsmaalet. Idet Styret herved indbyder Forfattere til at deltage i Konkurrencen om den nævnte Præmie, skal det bemærke, at de konkurrerende Arbeider, der vil blive undergivne Bedømmelse af en dertil af Styret nedsat og af Kirkedepartementet godkjendt Komite, maa være indsendte til Styret inden 15de Mai 1885. Arbeiderne bør være forsynede med Mærker eller Mottoer samt ledsagede af forseglede Navnesedler.

Kristiania, den 29de Juli 1884.

Andr. Hølaas,

p. t. Formand.