Fraa ei Fjellbygd.


(Del 3 av 3. Fyrste delen.

(Slutten).


Med det same vil eg umtala ei onnor Sak, som mange hadde venta aa finna paa Programmet. Og det undrar meg, at ho ikkje er medteki. Ho er vistnokk ikkje voret nokot større framme i Bladi elder i Ordskifti paa Folkemøte. Men ho er likevæl dryfta slik Mann imillom, at snaudt nokon onnor Sak med Undantak av den Absolutvetogreida hev voret so mykje umrødt utover Landet. Og det er nokk Vetopolitikken si Skuld, at ho ikkje hev vorte haldi meir framme i det offentlege Ordskifte. For Aalmenningen ligg det liksom i Lufti, han kjenner det paa seg, at det er formange Embætte her i Landet. Og her er Saki: Ei Minking av Embætte. Etter Folketal og Livemidlar er det nokk ikkje nokot Land paa Jordi, som hev so mange Embættesmenn som Norig. Og so mange som lite og ingenting gjerer for den store Løni. Naar eg segjer formange Embætte, so er det Meiningi, at det finnst Embætte, som ikkje er naudturvelege; av andre, til Dømes Lækjarembætti, er det vist altfor faae. Her ein Dagen trefte eg ein Mann, som Folk kallad for Veiinspektør. Ingen viste, kva godt han gjorde, men alle hadde Greide paa, at han hadde god Dagløn for aa kjøyra seg sjølv kringum Bygdarne. Tru dette er kje ein, som det kunde vera det same um? Iminsto segjer Folk her, at Arbeidet hans er lite og inkje. Og i vissa kunne kvar ein aalmenn upplyst Bonde greida den Tingen liksogodt som han. Kvifor ikkje lata Lensmannen kjøyra Storkar? Han gjorde for Fjordeparten av Dagløni? Elder kvifor ikkje lata Rotemeistaren gjera det? Han vilde greida det likeso godt for Kosten. Nei var det likt seg, segjer dei. Rotemeistaren og Lensmannen maa kontrollerast. Og det skal daa Veginnspektøren gjera. Godt og væl. Men kven skal so kontrollera honom att? Der maa avslut ein til det og; for det er vittarlegt, at Veginnspektøren ikkje kjøyrer berre paa dei største og finaste Vegjerne. Paa dei som det skjek litt i Kjerra kjem han mest aldri. I Bøkarne sine kjøyrer han vel Bakkar upp og Bakkar ned; men dette er so lite aa betala for, tykkjer Folket.

At det endeleg skal vera ein Storkar, som hev aa sjaa etter Smaating, som kvar annan Mannen kunna gjera likso godt, kjem vel av den gamle Mistru til Bøndernes Dygtighed. Me veit, at Landsfaderen ned i Kjøpenhavn sende mange Futar og kva det no var, her upp til Landet for aa hava Tilsyn med, at Folket var snille Born. Og mange slike dregs me med enno. Men daa me ingen Landsfader hev lenger, so kunde det kanskje vera paa Tidi, at me slapp nokre av desse Tilsynsmennerne og. _ Men det er Kontrolleringi som maa til. Me hev t.d. ikkje so lenge sidan fenget Skoledirecteurer. Dei hev ei bra Løn. Og Arbeidet deires er aa sjaa etter, um Lærararne gjer si Plikt. Some meinar, at Læraren hev mange nokk til aa sjaa etter seg, um ikkje desse Skoledirecteurerne var. Han hev Skulekommissjon, Prest, Prost, Bisp, Stiftsdireksjon og Kyrkjedepartement. Tru dette ikkje kunna vera nokk. Er Læraren slik ein Hardgjeire, at han ikkje let seg bøygja av alle desse, so munar det vist ikkje for ein Skuledirektør heller. Dei synes kje aa vera so fusne paa Karstak med Læraren heller desse Kararne; for det er sjeldan, at dei vaagar seg inn i ei Skulestoga. Og gjer dei det av og til, so hev dei Presten med seg; aaleine vaagar dei seg ikkje til. Hell tru det skulde koma av, at dei hev Løn for aa halda Prestarne med Selskap? Det er mange, mange, som trur det og.

Eg skal ikkje denne Gongi nemna fleire Embættsmenn, som synest aa hava so lite aa gjera. Men det er nokk av dei; altformange, so ein vist ikkje maatte hava vonde Stunder, um ein skulde hava fatt i alle. Og det er vist, at Folket no snart vil faa ei Greida paa dette Utal av Embættsmenn. Saki hadde godt kunna voret medteki paa Programmet. Og ho vil kannhenda koma der enno.


3 Oktober 1884.