Folkedaning.


_ Jeg har talt og virket for Folkets Selvstyre, dette forpligter mig til at tale og virke for Folkets Oplysning _ segjer Johan Sverdrup, idi han endar Framlegget sitt til Umbot i Skulesaki.

Dette var det fyrste Verket me saag fraa honom etter at han vart Statsministar. Han visar seg med dette som eit Menneskje med varmt Hjartelag, som ein Statsmann med det rette historiske Yversyn, som ein Politikar, som veit plent, kor vaar nye Tid skal leggja sitt Arbeid, og som med sikker Haand peikar paa korleids Arbeidet skal løysast.

Det er trutt so vist millom Høgre, at Sverdrup hev arbeidt berre for aa koma fram sjølv og faa raada som han vilde.

Kor avsannar han inkje alt slikt berre med si fyrste Ferd!

Nei, det er for eit friskt og livande Demokrati, for ei kraftig Folkestyring Sverdrup arbeider; og Trui paa det norske Folket er det, som ber heile hans Verk.

Han hev inkje den same Meining som sume Smaapolitikarar, at det er berre nokre Umbrigde i Lovar her trengst, nei her maa gravast djupare; heile Folket maa styrkjast og stydjast fram til større national Kraft og Sjølvvyrnad.

Ei god og dugeleg Folkeupplysning er den beste Trygd for Landsens Fridom og Sjølvstende, betre enn det likaste Herstell og dei fullkomnaste Lovar; ei god Folkeupplysning er det einaste sunne og faste Grunnlag, som eit Folk hev aa byggja si Vælferd og Lukke paa.

Det var inkje Juristar hell Talarar, som tynte Vetoet, men den sunne Sans i Folket. Denne sunne Sans er det, som maa faa Vengjerom til aa hevda seg, til aa veksa seg ut or det Trongsyn, som endaa held og hildrar store Mugar.

Men i Upplysningsvegjen skil det so mykje, kvat Maate det vert gjort paa.

Det Styre, me fyrr hadde, arbeidde ogso for Upplysningi, og fekk store Læreverk istand, men kvat var det for Slag Upplysning, som vart Frukterne av det? Ei Vitring paa tridje og fjorde Haand; ei Upplæring i gamle, turre, steingjengne Meiningar, som stengde burt all Tenkjing og Gransking paa eigi Haand og gjorde Folk dumme; ein liten Snev av Kunnskap her og der, som let Folk berre faa kjenna Fatikdomen sin, og samlad dei utanfyri Døri aat dei vællærde Autoritetar med Takk for kvar Biten, som av Naade vart rekt dei. All denne norske Halvdaning stend som eit Minne um den Tid.

Det er inkje til nokor slik Upplæring Sverdrup vil narra Folk aa øyda sine Pengar _ han vil inkje byggja Latinskular og Seminar _ men han vil hava ei heil Folkedaning paa heimleg og national Grunn.

Mange hev trutt, at det berre var so maateleg stelt med Sverdrups Hug for det nationale. Maalsaki kunde vera god aa hava til aa smeikja for Fjellbønderne med, og det var uklokt aa arbeida mot henne, men nokot med Storpolitikken hadde ho inkje aa gjera.

No fær desse Smaapolitikussar eit hardt og væl fortent Slag paa Øyrat. Sverdrups fyrste Gjerning, etter at han vart Statministar var nettupp aa reisa vaar Folkedaning paa eit fullnorskt, nationalt Grunnlag.

For Johan Sverdrup er meir stortenkt og vidsynt enn mangt eit Hovud orkar aa fylgja med.

Han skynar fult ut, at Maalmannsflokken er den, som trugnast vernar um Norigs Ære, og stødast hevdar Landsens Sjølvstende og sikrar Folkestyret ein fast Grunnvoll.

For det livande friske norske Maalet er ubrukelegttil aa tolka daude Tankar; til det fær dei bruka dei gamle utslite Daud-maali.

Slikt nokot som Byraakrati, absolut Veto, Yverhus o.s.v. vil aldri finna seg Talsmenn paa norskt Maal.

Nye Tider og nye Tankar treng nye Reidskapar.

Skulde me i all Æva dragast med dette tunge, seige og utpinte danske Maalet, skulde nok Folk faa sjaa det, at Framgangen vart inkje for braa og Daningi inkje for heil. Hepne er me med vaart nye norske Maal, so hagt og hendigt til kvat det er, so lettvint for anten det er ulærd hell lærd, med blømande Kraft og Rikdom, med sterke Vengjer, ferdugt til aa bera vaar Fridoms Tid med Glans.

Det aaleine sikrar oss ei Daning, som inkje gjer Folk umynduge, men frie og sjølvbyrge, staute og sterke.