Boksjaa



Han, Hun og Det. Alvorlige og muntre Silhouetter fra det huslige Liv af Helene Støckl . Oversat fra Tysk. Cammermeyers Forlag. 111 Sider. Pris Kr. 1.40

Ei lita fin Bok, prentad paa tykkt Papir med blaa Linur kring kvar Sida. Der stend mykje sannt og godt i ho, som kvar kunde hava Nytte av aa leggja seg paa Minnet. Men eg synast ho er hosta streng mot Kvendi. Ho leksar mykje upp um, korleids dei skal vera og ikkje vera, men nemner so berre ender og Gong nokot um Mannen si Plikt. Ho er nokot gamaldags, _ kannhenda væl mykje.


Pasteur. En lærds Historie af en ulærd. Cammermeyers Forlag. 303 Sider. Pris Kr. 3.60.

Ein lyt vera ikkje so lite inne i Naturkunna, allvisst daa i Stoflæra, for aa kunna lesa denne Boki med Nytte. Ho umhandlar den store franske Vitenskapsmannen Pasteurs Uppfinningar i Stoflæra (Kemien) og dei Utslag, han er komet til ved aa granska um ymse smittsome Sjukdomar. Boki er framifraa forvitneleg, naar ein fyrst kann fylgja med i det, ho umhandlar.


Norges förste nationale Scene . (Bergen 1850 _1863). Et Bidrag til den norske dramatiske Kunsts Historie af T. Blance . Cammermeyers Forlag. 1ste Hefte . Kr. 0.50.

Dette Verket skal koma ut i umlag 10 Hefte à Kr. 0.50 og Bergens Teater i den Tidi, Ole Bull dreiv det fram og var Styrar av det. _ Det kjem eit Hefte i Vika.