Mannen lyt fram att, Smaakrullen med.


Det er ymse Ting, som fyller Mannahugen. Snart er det korleids kvar og ein kann verta god og klok, og snart er det korleids dei skal laga Samlivet sitt med kvarandre. Og det plar gjerna skifta, so at det paa ei Tid er det eine, som krev Tankar og Umhugen, og naar ein so hev haldet paa med detta so lenge til at ein inkje kann finna nokot nytt paa den Leidi og Hugen gjeng trøytt for det same, so berst det andre fram.

Menneskjelivet er slikt, snart serar det ut ein for ein, og snart legg det ihop i smaae hell store Flokkar og Hopar. Ein Gong er det Strævet med det eine Menneskjet, og ein annan Gong er det Umtanken paa all Menneskja, som paa Jordi er. Stundan er det Samlivet millom tvo og tvo og stundom millom dei mange Tusund som bur i same Land og Rikje, og det er paa desse tvo Tilfelle at Folk gjev mest Ans, naar det skal vera Samliv. Hellest er det ogso Flokkar paa 5 _10 Stykkje (Huslydar), Samliv millom Skyldfolket og Ætti, Grendafolk og Sambygdingar, millom dei som hev den same Trudomen, same Meiningar, same Arbeidet.

No paa det siste er det Samlivet i Land i Rike, som hev voret mest framdrevet her paa vaare Grensur, Politikken dei kallar. Her ei Tid fyrr var det mest det gudelege Livet til kvart einskilt Menneskje som var aa Vange (Hauge og Pietismen). Men hellest i den store Verdi hev Rikslivet voret det fornæmste i Hundra Aar. Fyre den Tid var det Samlivet i Trudomsflokkar, som kom etter ei lang Æve, daa det einskilde Livet aat Mannen galt mest, den Æva som var grunnlagd av Jesus fraa Nasaret og fyrebudd av slike som Sokrates. Derfyri att var det Samliv i store Rike, og so i mindre og mindre Flokkar, til det lengst attende vart berre Ættegreinerne og Huslydarne, som hekk ihop.

Til større Flokkarne er, til mindre er kvar Mann verd. I ein Flokk paa 10 veg kvar ein 8 Gong meire enn i ein Flokk paa 80. I ei Bygd paa 2000 Menneskje veg han 1 Tusund Gong meir enn i eit Rike paa 2 Millionar. Til større Samfundet er, til meir kjem den einskilde burt, Mannaverdet vert mindre og mindre, gjeng tilslutt upp i det aa ganga som eit Nummer. Der Fleirtals-styringi endaa berre er til i Namnet, som hjaa oss, kann det væl verta nokot friare Spil-Rom aat slike, som merkjer seg ut anten ved Dugleik hell Mannatekkje hell Evne til aa draga Folk med seg, men naar det vert heiltupp gjenomført, vert den einskilde Mannen berre som ein Maskindel, som eit Haar hell ein Nagl, som inkje kann leda seg sjølv, men maa berre fint fylgja med i kvar ei Rørsla, som Samfundskroppen gjer. Men so vert han ogso so slipat og hyvla paa alle Kantar og kvitt alle sine Vangjerder og Serhaattar og mjuk i Umgangslaget som ei Vidje. Men helder grovtenkt vert han, lunken i Hugen og grunn i sine Kjenslur, forutan faste sjølvstenduge Meiningar, udugeleg naar han vert sett for seg sjølv, berre gjevande seg etter Straumdraget i Tidi. Skal soleids Samfundet vera sterkt, vil Mannen gjernast verta veik, og skal han vera sterk, vil gjernast Samfundslivet verta laust og ustødt.

Aa faa desse tvo Ting til aa veksa og trivast ihop er ei Uppgaave, som endaa inkje hev vortet løyst, men som skulde standa som eit Maal for Ætti aa greida.

No er det det store og grove Samfundsliv i Rikspolitikken som er framme og trykkjer Einingen ned. Og inkje berre i det politiske men endaa meir i det religiøse, der denne
Statskyrkja bind heile Livet og Utviklingi vaar.

Eg trur likevæl, at det snart vert ei Vending paa det; um det inkje med ein Gong naar til det, at det personlege Livet hjaa Mannen vert det høgste, so vert det likevæl eit Drag mot den Leidi ved det, at det vert arbeidt for Desentralisation og Sikring av Sjølvstøda aat dei mindre Samfundskrullar.

Som Led i eit slikt Arbeid reiknar eg; Rett og Fridom for alle Minoritetar, Løysing av Kyrkje og Skule ifraa Staten og lata det vera kvar Manns Sak, Avskaffing av all Toll, større Rett og Sjølvstende aat dei serskilde Landsluter (Bygd og Fylkje), Rett for alle til aa bruka kvat Maalføre dei vil, til aa velja den dei vil til Embættesmann, vera med aa døma sjølv (Jury), sikra Arbeidet, Eigedomen og Vyrdnaden aat Kvinna og Mindermannen paa alle Leider.

So skulde daa Religionen taka Sigte paa aa lyfta upp det reint personlege Livet, gjera det religiøse varmt, kraftigt og seint og Moralen sterk og sann. _ Men her er det langt fram aa vona nokot. Kristendomsforkynningi vaar er merkjeleg so vaakleg og veik og torer inkje spenna upp sine Krav til den einskilde, men nøgjer seg med vide aalmenne tome Tankar og Talemaatar og sigtar meir etter Flokkar og Masser (sjølv ein Mann som Chr. Bruun) enn etter Einingen. Men forutan Krav vert det hell ingen Fullnad.

I Millomalderen var det ofta ei merkjeleg Verme, Eldhug, Kjærleik og Kraft i det personlege Livet aat Folk (t.d. hjaa Mystikarne dei kallar) og framifraa Mot, Manndom og Djervskap hjaa Heltarne deira.

Etter denne Kvila ved Utviklingi av Samfundsformer i dei siste Hundradaar skulde ein venta at det personlege Livet maatte vinna seg nye Grunnlag, suga ny Kraft og gløda upp med endaa meire Styrke og Siger, enn me hev set det nokot Sinn fyrr.


j.