[Tidender.] Fraa Strandbygden Samtalelag i Elverom.

 
Den politiske Striden hev havt det med seg, at han hev vekt Folket og lært det aa fylgja med i Utviklingi, han hev lært dei aa elska sitt Land, han hev i Staden for Tvoskillingsvisurne lært dei Fedralandssongar. Og naar ein fyrst hev lært aa elska Landet sitt, vil han au freista aa skaffa seg Kunnskap um alt som det vedkjem. Det hev daa au det norske Folk søkt aa gjera gjenom Blad og andre Skrifter. Den politiske Kampen er det au som hev gjevet oss alle desse gilde Folkemøte. Ute i Bygderne er det stelt til Samtalelag, der Folk møtest um Vettrekveldarne og semjast um Ting, som stend paa Dagsordenen i Kyrkje, Skule og Stat.

Her i Elverom er det, so vidt eg veit, tri slike Lag, og blandt desse Strandbygden Samtalelag, som det au fyrr hev voret nemnt lidt um i Fedraheimen. I Lovarne for dette Laget stend, at Styret skal søkja for aa faa halde Fyredrag einkvar Gong, og iaar hev det voret tri slike. Skulestyrer E. Torp hev haldet tvo, nemleg eit um N. F. S. Grundtvig og eit um Skatteloven.

No Sundag den 28de September heldt Lærar H. Tveter fraa Folkvang Fyredrag um Hans Nilsen Hauge. Talaren gav fyrst ei Skildring av Tidi som gjekk fyre Hauge um kor myrk ho var, og so ei Skildring av Mannens Liv og Verk.

Baketter Fyredraget vart det haldet Aarsfest i Samtalelaget.

Av Talarne som daa vart halde skal eg nemna for Samtalelaget, Tveter, Fædrelandet, Kvendi, Stortinget, Konge, Baard Matsen Haugland fyrste Bonde i Kongens Raad, Skyttarsaki, o.s.b.


Den 14 _10 _84.

M. T . . . . . . . . . . . . . . n