Mary Engle.

[Del 5 av 6. Fyrste delen]
 
Ei amerikansk Soga fraa the old time.
           
(Etter Max Adeler.)
 
                         
(Framhald).
 
Hr. Ricketts, sagde Dick, eg er komen for aa tilstaa nokot, som eg skjemmest fyre. Eg-
           
Naa? spurde Dokteren mistenkjeleg og utaaleg; Dick var so ustød i Maalet.
           
Eg skal ikkje draga det ut, sagde Dick hastande; eg er rædd det er for seint alt no. Det var eg, som stal Diamantsylgja.
           
Kva segjer du? skreik Dokteren og sette inn imot han, rasande av Uppøsing.
           
Eg er Skuld i heile denne Ulukka. Det var mi Skuld, at Mary Engle vart klagad og dømd, og det vil vera mi Skuld, um ho vert straffad. Aa, Dokter, er det inkje Raad til aa faa henne frelst? Eg tenkte aldri det skulde koma so langt.
           
Din arge Skarv! sagde Dokteren, han var ikkje god til aa styra sin Motvilje og Vanvyrdnad; kvi sagde du ikkje dette fyrr? Kor kunde du lata all denne Ulukka og Skammi koma yver eit verjelaust Kvende, som vin ærleg Kar skulde ha ofrat sjølve Livet sitt fyre? Korleids vart dette Kjeltringstykket fullført? Fortel, fort!
           
Den arme Syndaren seig paa Kne og ropad med ristande Mæle:
           
Eg elskad henne! Eg hatad Tom Willitts. Han sende henne ei Hals-naal. Eg visste um dette. Eg braut upp Skrinet hans Far og tok Sylgja. Med Trugsmaal og Pengar fekk eg Tenaren hans Tom til aa laana meg Pakka eit litet Grand, fyrr han gjekk inn i Huset. Eg lagde Sylgja inn i den. Ho trudde, det kom fraa Tom, og ho sette seg fyre, at ho vilde helder døy enn forraada han, endaa ho trur, det er han, som hev øydelagt henne. Eg foor laakt og skarvelegt og styggt aat, men eg trudde, at det skulde gaa ut yver Tom, og ikkje yver henne, og daa Ulukka kom, torde eg ikkje tilstaa Skammi mi. Men no vil De frelsa henne, Dokter, vil De ikkje? Eg vil ryma ut or Landet drepa meg berre denne fæle Ugjerningen kann hindrast.
           
Den arme Guten bar i og greet. Dr. Ricketts saag paa han eit Bil med Augo fulle av Medynk og Vanvyrdnad, og so sagde han:
           
Theorien min var altso rett. Kom, Sir, no er De med meg til Guvernøren, so fær me sjaa, um han vil gjeva Naade paa Dykkar Ord.
           
No? i Nott? spurde Dick.
           
Ja, i Nott; no; og det vil vera godt for Dykk og for henne, um snøgge Hestar kann føra oss til Dover og attende fyrr Klokka er ti i Morgo.
           
Um ti Minuttar sat dei baae i Vogni, og gjenom den myrke Notti foor dei avstad, den eine med Hjartat svellande av Von, Gleda og Medhug, den andre ihopkropen i Myrkret, full av Sut og Skam og syrgjelege Hugbod for Framtidi.
           
 
Laurdag Morgon, ein kald raa, stormande Morgon i Mai.
           
Byen var som i Upprør. Hestar stod bundne utanfor Vertshusi, og Folk gjekk og dreiv ved Vertshusdørerne og snakkad Politikk, dryftad Aars-Vonerne, og Kornprisarne, og dei siste Tidender med Kusk og Skippar fraa Filadelfia. Inn i Skjenkestovurne sat Folk og las i maanadsgamle Blad, drakk og bannad og trættad med høgt Mæle.
           
Men den største Høgtidi i Dag var paa ein annan Stad i Byen. I Midten av Torg-Gata var der ei Aalmenning, eit Stykkje grøn Grassvord, tjuge Fot breid, med ei Rad av Tre paa baae Sidur. I Midten av den att stod Piskningspælen og Gapestokken.
           
Klokka slog ti i Kyrkjetaarne; det song so vænt nedgjenom Gata. Det var den same Klangen som um Sundagen kallad Folk saman til aa dyrka Gud og beda um hans Miskunn. Det var ein Klang med ymis Meining. Han manad dei heilage til Bøn, Syndararne til Straff.
           
Daa Klokka slog fyrste Slaget, kom Fangevaktaren ut fraa Fengslet med eit Mannfolk i Kløerne, armt aa sjaa til, kvitt av Lit. Han skjussad Syndaren upp Stigen og sette han fast i Gapestokken. Gategutar samlad seg nedunder i Hopar og stod og fingrad paa alle Slags Ting, som dei vilde kasta etter Armingen. Fangevaktaren gjekk ned. Ein Gut lyfte Haandi og heiv eit rotet Egg etter Syndaren i Gapestokken. Det raamad han midt i Andlitet, og det ufysne Innhaldet rann nedetter Kinnen hans. Det var Teiknet. Egg, daude Kattar, Surp, Steinar, Grasdottar og ei Mengd av ureinslege Ting vart no dyngde yver Fangen, til dess Brettet, han stod paa, var fullt av Grapps. Han ylte av Pine og strævad faafengt aa faa burt fraa Andlitet sitt Blodet, som strøymde av dei slegne Saari, og Surpet, som klinte seg inn til det. Hopen nedunder huad til han og lo aat Strævet hans, og kallad han, og dreiv Gjøn med han for den stive Kragen og dei stive Handlingarne hans, og det var ikkje ei Manns Sjæl i heile Horgi, som hadde Medynk med han. Ein Time stod han der og leid utenkjeleg vondt. Naar Kyrkjeklokka slog elleve, vart han teken ned i eit jammerlegt Tilstand, mest avklard og vondslegt saarad. Ikkje meir Gapestokk den Dagen. No var det Turen til Piskningspælen. Der var tvo Kvinnfolk, som skulde piskast, den eine kvit, den andre svart. Me veit kven den kvite var.
                                               
( Meir.)