[Notisar]

Kristiania, den 9de April.
 
Storthingsmann Liljedal fraa Søndre Bergenhus heldt den 28de f. M. ein Tale paa Norsk i Thinget, som alle Aahøyrarar, baade Maalmenn og ikkje Maalmenn hev rost som reint framifraa i Ordhegd og Vænleik. Hr. Liljedal er den av alle Thingmenn, som mest heilt og fulltonande hev latet Norigs Maal lyda i Norigs Thingsal, og han vil minnast og ærast for det.
 
           
Ulykkur. (brev) Naatti Laurdags den 19/ 3 brann Stoga upp paa søndre Særen i Vinje. Elden hadde trulegvis nørt seg fraa Skorsteinspipa, og Folk gaadde kje til, fyrr det hadde fengjet slik Magt, at Folki hadde berre sovidt Tid til aa bergje seg sjølve. Der brann upp mange Slags Lausøyre og det var lite dei fekk bergja. Stoga var assurera, men Skaden er likevæl stor. Det var eit reint Under, at dei fekk bergja hine Husi, daa baade Særensgaranne stend tet ihop i ein Krull; men den stærke Noravinden hjelpte.
           
Her var eit umaateleg sterkt Tøyvedr sama Naatti, so at Vatnet bløyte upp Snjoen, som mangestad skreid av i store Raasur. Soleids hende det paa Byrte i Mo, at Stoga paa ein Plass, som heiter Simmedalen reiste i eit sovoret Snjoras, og ei Kjering med 2 Born fylgde med. Dei blei bergja, men Kjeringi var myket skamfari.