Fraa Thinget.

[Del 2 av 2. Fyrste delen]
 
II.
           
Ein Komite heiter Protokolkomiteen.
           
Protokolkomiteen skal gjenomsjaa Regjeringsprotokollarne og sjaa etter um Kongemagti styrer Landet paa rette Maaten og ikkje fer fram med galne elder logstridige Paafund paa nokon Kant. Dessutan skal Protokolkomiteen gjenomfara og gjera Innstilling um dei Statsrekneskapssakerne, som vert framlagde for Thinget av Statsrevisionen.
           
Protokolkomiteen er Organet elder Reidskapen for Odelsthingets kontrollerende Myndighed. Difor er det ein Komite, som det stend Støkk av.
           
- Stod Støkk av, skulde me sagt! For det var nok helst fyrr i Tidi, det. No høyrer du visst sjeldan, at nokon nemner Protokolkomiteen.
           
Og etter det, me her skal fortelja, kann det vera rimelegt nok, at den Nemndi vert gløymd.
           
 
Statsrevisionen hev i Aar innstillt, at Styraren av Finansdepartementet, Hr. Helliesen, skal tilsvara elder betala til Rikskassa Kr. 64,120.84, som Staten hev tapt paa Stempelpapirforvaltar Schøyen, fordi at Regjeringi ikkje brydde seg um aa halda denne Mannen og Forretningi hans under paalitelegt Tilsyn.
           
Det er ei gamall Sak.
           
Alt i Aaret 1848 bad Statsrevisionen Regjeringi um aa føra eit skarpare Tilsyn med, at Pengarne for stemplat Papir vart retteleg og tidvisst innsende til Rikskassa. Odelsthinget gjekk med paa denne Uppmaningi. Inkje Svar.
           
I 1854 tok Statsrevisionen Saki fram att. Det kom daa upp, at Regjeringi endaa ingen Ting hadde gjort for aa retta paa det, som Odelsthinget vilde ha rettat, og Statsrevisionen tok difor uppatt Uppmaningi si og det i endaa sterkare Ord, og minnte um, at Stempelpapirforvaltaren etter Innstruksen sin var skyldig til aa lyda slike Paalegg. Og Odelsthinget vedtok det Statsrevisionen hadde innstillt. 2 Aar etter spurde Statsrevisionen Regjeringi um det no var gjort nokot i denne Saki. Nei. Det var nok ikkje det. So vedtok Odelsthinget paa nytt Uppmaningi til Finansstyret um aa føra betre Tilsyn. Nyttad ikkje. Statsrevisionen manad paa og manad paa Gong etter Gong i fleire Aar. . . jau, endeleg i 1861 kom Finansdepartementet seg i Veg med eit Paalegg til Stempelpapirforvaltaren um, at han skulde gjera som Odelsthinget hadde kravt. I 1862 vart det sett i Instruksen hans, at han ikkje skulde drygja lenger med aa avleggja Aars-Rekneskap enn til Utgangen av April Maanad kvart etterfylgjande Aar. I 1864 iklagad Statsrevisionen paa nytt yver, at Stempelpapirpengarne kom so seint inn; i 1865 like eins; i 1867-69 hadde Statsrevisionen Saki uppe paa nytt og sagde mill. A., at Stempelpapirforvaltaren burde og kunde stella det so, at Pengarne kom inn for kvart Fjordungaar; sidan hev Statsrevisionen stendigt havt eit Auga med denne Saki, og sist hev det havt henne uppe i 1872, 1873 og 1874. Men det nyttad ikkje. Og Enden paa Soga vart, at Stempelpapirforvaltaren spilad upp, og at Staten tapte Kr. 64,120,84.
           
3 Aar hev Statsrevisionen i Vedteikningarne for 1877 fortalt heile denne Soga for Odelsthinget og sluttar Innstillingi si soleis:
           
Den Mangel paa Kontrol, der i saa høi Grad havde paakaldt Statsrevisionens og Odelsthingets Opmærksomhed og saa uafbrudt gjennem Decennier fra Odelsthingets Side havde foranlediget Henvendelse paa Henvendelse i de mest bestemte Udtryk for at nøde Regjeringen til at foretage Skridt til at føre Indseende med Stempelintradernes behørige Indsendelse, er saa exempelløs og vidner om en saadan aabenbar Tilsidesættelse af den kontrollerende Statsmagts Beslutninger, at der her om nogetsteds maa blive at indstille paa, at Underballancen bliver at tilsvare af Finansdepartementets Chef, hvis private Sag det maa blive, at søge Regres (Skadebot) i Schøyens Bo.
           
- Hermed hev Statsrevisionen innlagt Saki for Odelsthinget, som tillslutt skal segja Dom. Men fyrst skal Protokolkomiteen gjenomsjaa Saki og gjeva endeleg Innstilling.
           
Det gjeng ikkje fort i Satens Gangverk: - men so gjeng det vel so mykje vissare og betre?
           
Ja no skal du høyra.
 
           
Naar ei Rekneskaps-Sak kjem so langt som i Protokolkomiteen, so er ho alt so utgreidd og gjenomgranskad av den Autoriteten, som dertil er logsett, nemleg Statsrevisionen, at Protokolkomiteen berre hev aa gjenomsjaa Sagens Akter og deretter innstilla til Doms etter det, som foreligger. Fyrst hev Statsrevisionen gjenom sine Antegnelser spurt Regjeringi um, korleids Saki forheld seg; so hev Regjeringi gjenom sine Besvarelser upplyst og forklarat alt det ho veit aa halda fram til sitt Forsvar iallfall hev ho havt Tilføre til det! - og endeleg hev daa Statsrevisionen i sine Vedteikningar dryftat baade Saki i det heile og dei framlagde Upplysningarne, so at det maa vera Raad for kven som vil aa setja seg inn i henne. Men dersom Statsrevisionen i Vedteikningarne sine kjem til det, at Saki ikkje enno er fullt upplyst, so skriv Revisjoen Kontinuations- elder Framhalds-Antegnelse og spyrr Regjeringi paa nytt Lag, um ho hev nokot aa upplysa elder forklara i Saki, og greider ikkje Regjeringi for seg daa, so fær ho sjølv taka Skaden.
           
- So skulde det iallfall vera. I seinare Tider hender det, at Regjeringi ikkje bryr seg um aa svara skikkelig paa Statsrevisionens Antegnelser: Ho svarar i Aust, naar Ein spyrr i Vest, og sumt av det, Ein hev spurt um, spring ho reint yver. Naar Ein ser slikt endeframt Slurv, - so skulde ein ikkje eingong skriva Kontinuations-Antegnelser, men berre med ein einaste Gong decidera til Andsvar, so lærde den gode Regjeringi nok aa lyda Logi og svara ein annan Gong.
           
Men iallfall skulde det vera avgjort at naar ei Sak fyrst var komi so langt som i Protokolkomiteen, so var ho uppteki til Doms, og hadde daa ikkje Regjeringi greidt for seg i rette Tid, so skulde ikkje sjølve Domstolen smaaminka seg til aa føra Underhandlingar med Syndaren. Viste det seg, at Statsrevisionen ikkje hadde fengjet Saki so upplyst, at Odelsthinget fann aa kunna segja Dom, so laut Saki ved Odelsthingsavgjerd sendast tilbake til Statsrevisionen til ny Randsaking; men var her Statsskikk i Landet, og hadde Thingmennerne den minste Kjensla av Thingets Vyrdnad og Høgd, - so gjekk ikkje Odelsthinget utum sitt eiget grunnlogsette Revisionsverk, og so flaug ikkje Protokolkomiteen som ein Visargut uppi Departementi for aa beda Regjeringi um dei Upplysningarne, som ho etter Logi er skyldig til aa leggja fram!
           
- Men no høyrer me, at Protokolkomiteen skal hava brukt denne merkjelege og forunderlege Maaten i lang Tid, - og brukar han framleides.
           
D. v. s. naar det er Andsvarssaker. Naar Statsrevisionen innstiller Kan passere elder slikt, so berre straar Protokolkomiteen Sand paa, for daa er Saki altid upplyst nok; men innstiller Statsrevisionen paa, at Statsraaden skal betala Rikskassa tilbake Pengar, som denne for hans Skuld hev tapt, - daa tek dei høge Herrar Domarar til aa skjelva i Knei, og daa bøygjer dei seg so djupt for Regjeringi, at dei sjølve gjeng upp i Departementet og spyrr, um Regjeringi ikkje naadigst hev fleire Upplysningar aa gjera, so at Ein kunde sleppa den saare Tingen aa decidera til Andsvar!
           
Paa den Maaten er det ikkje aa undrast paa, at Regjeringi vert likesæl um aa svara og forklara, der ho skulde gjeva Svar, og at heile Kontrolverket vert kraftlaust og utan Myndigheit. Og paa den Maaten vert det like eins lett aa forstaa, at endaa um Statsrevisionen arbeider aldri so trutt, Aar ut og Aar inn, so vil Regjeringi halda paa med den same ravgalne Administrationen sin sidan som fyrr; for ho veit, at Statsrevisionen kann klinka til Andsvar so lengje han vil: naar so langt lid, so kjem Protokolkomiteen ruslande upp i Departementet og bed Regjeringi um aa forsvara seg, og so vert der altid ei Raad!
           
Paa den Maaten kann Ein og forstaa, at Statsrevisionen vert mindre streng, den og, enn han kunde vera. Meir enn ein Gong naar ein aalmenneleg Mann granskad Administrationens store og gode Gjerningar, kann han verta harm og segja med seg: det bør dei Bandittarne betala! - Statsrevisionen derimot ja, Statsrevisionen segjer kanskje paa Lag det same: det burde dei Bandittarne betala! men i dei allerfleste Tilfelle ender han heilt fredelegt og rolegt med, at man finder dog ikke ved denne Leilighed at burde indstille til Ansvar. Og det gjer Statsrevisionen efter Omstændighederne Rett i. Kva skulde det nytta aa innstilla til Andsvar? Dei strenge Herrarne i Odelsthinget er mykje ræddare for aa vedtaka ein Andsvarsdecision, enn Regjeringi er for aa faa ein. For Regjeringi veit, at um ho vert dømd til Andsvar, so berre ho vil bry seg med aa skriva ein liten Søknad til Thinget um aa sleppa aa betala, so segjer Thinget Ja strakst. Og den norske Regjering er ikkje so saar paa Æreprikken, at ho skulde gjera nokot av aa skriva ein slik Søknad! Ho søkjer gladeleg, liksom ingenting var, - og fær det som ho vil hava det. Det var fyrri Verdi det, at Thingmennerne hugsad, at dei var Folkets Ærendsmenn, og at det var Folkets Pengar, som dei skulde passa. No ser det ut til, at dei hev meir Tanke um aa vera hensynsfulle mot Statsraad Per og Direktør Paal enn um aa agta etter, at Staten fær sin Rett og at Folket ikkje vert snytt for sine Pengar. Du tenkjer væl som so, at Staten vert korkje rik elder fatik av aa tapa 100,000 Kr., og det kann so vera. Men 100,000 Kr. i Aar og 200,000 næste Aar, og 300,000 Aaret deretter, og mange hundrad tusund Krunur til kvar Tid, - det dreg i Lengdi! Og naar Kontrollen er slakk, so ber det paa den Leidi, trass i all Politikk og trass alle store Ord. Slik Administration som den, me no hev havt i mange Aar, vilde voret umogleg, dersom den kontrollerende Myndighed hadde gjort det ho skulde. Difor vil Odelsthinget ikkje faa annan Takk for, at det hev voret snildt og hensynsfullt mot Regjeringi, enn den, at det kjem til aa faa bera sin fulle og tunge Part av Andsvaret for heile det Ustellet, som Stangs System og Stang-Selmers Styre hev ført Landet vaart uppi.
           
 
Men det var Saki um Stempelpapirforvaltaren og Statsraad Helliesen.
           
Som du hev set, er dette ei Sak, som hev voret uppe lengje. Heilt ifraa 1850-Aari. Statsrevision og Odelsthing hev manat paa og manat paa, gjevet Minningar og gjort Paalegg, og haldet paa med dette i 30 Aar. Regjeringi hev gjort tjukke Øyro. Ikkje brytt seg! Og so skulde Staten no for den Skuld tapa 64000 Krunur!
           
Statsrevisionen hev spurt Regjeringi Gong etter Gong, kva ho hev gjort for aa hindra eit slikt Tap. Regjeringi bryr seg ikkje um aa svara skikkeleg, desshelder. Statsrevisionen finn, at Saki maa hava ein Ende, og at Regjeringi her hev faret slik, at skal der nokon Gong vera Tale um Andsvar so maa det vera her.
           
Saki vert direkte framlagd for Protokolkomiteen. Protokolkomiteen ser, at Regjeringi hev svarat lite paa det som Statsrevisionen hev spurt. No skulde ein tru, at dersom ikkje Regjeringi vilde svara, naar ho hadde Tilføre til det, so fekk det vera hennar eigen Skade. Men kva gjer Protokolkomiteen?
           
Protokolkomiteen vender seg privat til Departementet og spyrr, um det ikkje vil vera so snildt aa forklara seg.
           
I ei Sak som denne, der Regjeringi liksom hev gjortst paa aa visa Thinget Vanvyrdnad og Tverhug, og der ho etterpaa alt ikkje eingong bryr seg um aa svara for seg, naar ho paa logleg Maate vert spurd, - i ei slik Sak, og etterpaa alt dette, bryt dei høge Herrar av den kontrollerende myndighed seg so smaae, at dei med blide Ord og bønlege Aasyn privatim gjeng upp i Departementet og bed det um aa forklara seg!
           
Og dette hender i Aaret 1881, paa ei Tid, daa Thinget liksom skulde føra Kamp Krig paa Kniven mot Regjeringi!
           
Hellest plar det vera Syndaren, som bøygjer seg for Domaren. Men her er det Domaren, som gjeng Syndaren under Augo, og det paa ein Maate, som ikkje minner stort um, at Domaren skulde vera ei Statsmagt! Kjære høgvyrde Hr. Syndar! vil De ikkje gjera so væl aa segja eit lite Ord til Forsvar for Dykk, so at me kanskje kunde sleppa aa døma Dykk? Aa ver so snild og gjer det. For De veit, høge, naadige Hr. Syndar, at dersom De ikkje forklarar Dykk nokot tydelegare enn De hev gjort, so lyt me vera strenge mot Dykk og døma Dykk til Andsvar. . . Væl veit me, at De er i mindre godt Lag no um Dagen og hev liten Hug til aa smaaminka Dykk so mykje som til aa underhandla med oss elder med nokon av vaare. Og det lyt me finna oss i, naadige Hr. Syndar! Men likevæl, - berre eit litet Ord! Berre so mykje, at me kunde faa ei Fyrevending til aa visa oss hensynsfulle! For hensynsfulle vil me vera so gjerna som me vil liva. - - -
           
 
Me tvilar ikkje paa, at Storthinget vil føra sin Strid igjenom og vinna. Men me trur, at paa slik Maate som det no stundom gjeng, vil Striden verta fælande lang og leid.
           
Er det aa undrast paa, at Stang - ja at Selmer kann sitja og regjera so lengje han vil, naar han ser at Kontrolmagti ikkje er faarlegare aa koma ut av det med?
           
- Aa, um Thinget alltid var likso modigt som det er sindigt, likso fast som det er klokt, og likso stolt som det er hensynsfullt! Stangs Regjering hadde voret daud og dømd for lengje sidan.
           
Ei Statsmagt, som ikkje er stolt, vinn vanskeleg Vyrdnad av Motstandarar.
           
Thinget stend i store Slag, det hev me set, og det maa me storleg takka fyre. Men det er gjenom dei mange smaae Slag, at det skulde vinna.
           
Ein vel gjenomtenkt politisk Slagplan, strengt fylgd og umiskunneleg gjenomførd, - det er dette, Folket ventar av Thinget no! - Thinget hev ein Slagplan, vert det sagt. Kann so vera! Men den er nok so fin, at ingen merkjer nokot til han, - alra minst Regjeringi. Og daa kann det lite nytta.
           
 
Iallfall skal ingen sjaa nokot til nokon Slagplan i dei Bevilgningsavgjerderne, som til dessa er tekne. Dei bevilgar burtyver alle Brikje, og dersom dei kniper av litt ein Gong, so er det ingen av dei, som hev Mannskap nok til aa segja den sanne Grunnen til Negtingi.
           
Men dette, at Thinget ikkje vaagar elder ikkje vil segja ut det, det meiner, legg nokot usannt og veikt yver heile dess Arbeid. Folk trur ikkje paa den djupe Klokskapen, som skulde gjøyma seg attum Tigjingi. Folk trur stutt og greidt, at naar Thinget tigjer, so er det fordi at det ikkje er sterkt nok til aa tala. Det er Modløysa, som er ute og Modløysa klær seg naturlegvis altid ut som Klokskap.
           
Me fær drygja og sjaa, her er ikkje annat aa gjera. Og me fær tru, at det jamnar seg. Det vilde no vera altfor armodslegt og, um Thinget skulde maatta fira for ein Statsmann som Selmer! Men me trur i fullt Aalvor, at - stort fleire Mistak enn dei, som alt er gjorde, vil Thinget ikkje hava godt av.
           
 
Ymist godt Arbeid
 
vert gjort i Thinget um Dagen.
           
Fleire Tillegg til Løningar, som Regjeringi kom so kaut og kravde, liksom ho trudde, at Storthinget ikkje kunde negta henne nokon Ting, hev Storthinget sagt nei til. Høgremennerne gjorde det dei kunde for aa faa Fleirtalet sprengt, og fann mill a. ut, at det var flirande, at private Folk skulde svelta, fordi det var Strid millom Statsmagterne. Men Fleirtalet heldt seg rolegt og greidde Emnet godt.
           
Det vart endaa greidt og ærlegt sagt, at det var den politiske Stillingi, som fyrst og fremst gjorde, at Thinget i Aar ikkje kunde gaa med paa andre Bevilgningar enn dei plent naudsynlege. Den Mannen, som hev Æra av aa ha lagt dette fram, er Hr. Arctander.
           
Det gjev Slagkraft og Age dette: aa kunna segja beint og klaart kva Ein meiner! Folk utyver Landet vil faa ein Gong til so stor Tillit til Storthinget etter dette.
           
Høgremennerne vil væl skrika ei Stund og læ av og til, for aa skræma Fleirtalsmennerne, som fyrr hev voret so snare til aa støkkja, so snart dei saag ein Flir elder høyrde eit Skraal paa Høgresida. Men det skal visa seg, kven som kjem til aa læ til slutt. Alle Mann i Landet fær finna seg i aa lida, naar Landet hev eit laakt Styre, som ikkje vil gjeva etter og ikkje vil gaa. Og dei, som hev mest Skuld i, at eit slikt Styre hev kunnat halda seg, det er Høgre og Embættsmennerne, som med stor Iver, ja fanatisk, hev studt Styret mot Storthinget. Difor vil det vera rett, at dei no lid mest under det syrgjelege Tilstandet, som Landet gjenom slikt Stell er komet uppi. Det fær koma til det at Høgre forstend, at det vert korkje Raad elder Von for det til aa vinna nokon Ting fram fyrr her kjem eit nytt Styre.
           
Eit annat Vedtak, som viser, at det er Aalvor i Leiken no, var Vedtaket um, at Bevilgningi til Ekstraskriving, Ljos. Ved osfr. aat Regjeringskontori skulde det drygja med so lengje. Denne Bevilgningsposten hev lengje voret stor, men han veks allstødt og er no paa Kr. 343.732. I Aar hev Regjeringi kravt endaa nokot meir, Kr. 347,332. Thinget hev spurt um Grunnen til, at Utgifterne veks slik, og serleg hev det spurt um ikkje Utgifterne til Ekstraskriving kunde knipast nokot inn, helst no, daa det er uppfunnet so mange Skrive- og Avtryksmaskinar o. s. fr., som Departementskontori væl likso godt kunde bruka som andre Kontor. Dette hev Regjeringi ikkje svarat paa eingong, - berre kjem og krev meir Pengar enn nokon gong fyrr! Det er ei konstitusjonel Regjering.
           
Daa Regjeringi ikkje vil svara, naar ho skal svara, so fær Storthinget - som ikkje lenger bryr seg um aa taka imot slik Tverdriving paa annan Maate sjaa aa faa henne til aa tala. Det er rimelegt, at Finansministeren, Hr. Helliesen, ein god Dag lyt upp i Thinget og prøva paa sjølv aa greida ut for seg i denne Saki.
           
 
Det vigtigaste, som er gjort i Thinget i den siste Vika, er, at Konstitusjonskomite-Forslaget (Steen og Sverdrups) um Forandringar i Reglementet er vedteket av Thinget. Fraa no av vil § 75 h i Grunnlogi, som fyrr hev voret mest som ein daud Bokstav aa kalla for, koma til full Kraft, og dei Herrar Riksraadar, som ikkje hev viljat hava Rett til aa koma inn i Thinget, fær no finna seg i aa dragast der inn i med Lovs Tvang. Denne Storthingsavgjerdi er av den største politiske Vegt, og me tvilar ikkje paa, at Thinget vil vita aa bruka henne paa beste Maaten.
           
Det viser seg og paa Høgremennerne, at denne Avgjerdi er vigtig. For dei hev sparkat imot paa alle moglege Maatar, og no, daa Saki er avgjort, skriv Morgenbladet ein Leder, som er reint flirande, so sinnesgalen er han. Morgenbladet sluttar med aa truga Thinget med Blod og Brand; - det stakkars Bladet hugsar ikkje, at med slik Aatferd berre skjemmer det seg sjølv ut, men gjev dei liberale eit godt Vitnemaal um, at dei just hev gjort det dei skulde.
           
 
Den 16de negtad Thinget 1800 Kr. til Direktionen for den geografiske Uppmæling.
           
Den geografiske Uppmælingi hev ikkje Bruk for nokon serskild Direktion. Dei 1800 Kr. hev nok berre voret brukte til Ekstrasmurning for ein tvo-tri høge Offiserar, som ikkje gjorde den geografiske Uppmælingi det Grand til Gagns.
           
Slike Postar er som skapte til aa negtast. Storthinget skulde passa gløgt paa dei.
 
 
Landsvigtigt.
 
 
Ved kongeleg Resolution hev Hamnefutar og Lotsoldermenn fenget seg uppsett ei ny Uniform.
           
Det er innhentat Erklæringar og Uttalur fraa Overlotsarne um Emnet, og Ein ser av Regjeringsforedraget, at det er Hamnedirektøren, som hev teket Upphavstaket i denne vigtige Saki.
           
Det nye Uniformsreglementet er uppsett i full bjodande Form; men Foredraget gjev Lov til aa tru, at Reglementet gjeld berre for dei, som vil bruka det.
           
Det vert soleids nokot likt med - Modejournalerne. Morgenbladet for 16de d. M. hev Æra av, at Saki no er aa sjaa i sitt rette og sanne Ljos.
           
Ein hev væl Lov til aa vona, at det landsfaderlege Styret vaart vil gjeva liknande Skræddar-Raader og kongelege Skræddar-Reglement til andre Folk og. Soleids vil visst Departementet finna ut eit Forslag um den rette Maaten aa klæda seg paa for Lensmenn, like eins for Skulelærarar, Telegrafistar o. a. Det vil koma svært væl med, - helst naar det samstundes vert endefram sagt, at det formentlig bør overlades til Vedkommendes egen frie Vilje, om de ville anlægge de foreskrevne Uniformer.
           
Det er ei vigtig Sak. Tok Regjeringi for Aalvor Initiativet her, so vil ho og endeleg faa lett aa driva Tidi med.                                       
 
H-d.