1 ½ Million i Sjøen!

1 ½ Million i Sjøen! Steinmuren i Drøbaksund, bygd av Sagkyndige, fødd til Verdi av Høgrepartiet, kostar halvannan Million, umframt den Skaden han gjer for Fisket der nede. Men so var det og Meiningi, at denne Steinmuren skulde verja Innløpet til Landsens Hovudstad. Han skulde stengja for Panserskipi, slaa Hol i Botnen paa dei elder ialfall halda dei hangande so lengje, til Kanonarne fraa Oskarsborg kunde gjera det av med dei.
           
Alt dette var fint uttenkt og klaart utreknat av vaare militære Sagkyndige.
           
- So kjem det farande ein liten uskyldig engelsk Eimbaat, heiter Rook, - kann ikkje faa Lods og er daa so usagkyndig og respekstridig, at han renner tvers yver Steinmuren, vert hengande fast med Agterenden, men glid av, naar han fær losat nokot Ballast, - og so viser det seg, at han ikkje hev faret det mindste vondt, - hev berre skrapat av seg litt Maaling paa Undersida!
           
Den, som hev set vesle Rook, og som veit, at den med sitt vesle Skrov hev stangat Hol paa heile Steinmuren, - han lyt læ, naar han tenkjer paa, at vaare Sagkyndige og med dei Høgremennerne hev innbillt seg, at ein slik Mur skulde kunna staa mot desse Dagars Herskip med deira svære Jarnklædningar.
           
Men Norig er rikt. 1 1/ 2 Million i Sjøen, kva gjer vel det? Hovudsaki er, at dei Sagkyndige hev fengje sin Vilje fram, og at Riksens Pengar rullar.