[Aschehoug som Sparar.]

Aschehoug som Sparar. I Ordskiftet um Fengselsverket vart det sagt, at det kunde gjerast nokot meir til Hjelp og Berjing for dei stakkars Ungdomarne, som var komne paa dei Vegjerne som fører til Tugthuset. Det vart og nemnt, at sjølve Fengselsverket var syrgjeleg laakt, so Fangehusi var reine Brotsmannskular aa rekna fyre, so det kunde vera dess meir naudtrengt, at nokot var gjort.
           
Aschehoug meinte nok og, at det kunde vera godt, um me fekk eit betre Fengselsverk, men, sagde han, han vilde minna um, at ei Umbot kom til aa kosta Pengar!
           
Det er i slike Tilfelle, at Høgre tenkjer paa dei Pengarne, som gjeng med. Naar det gjeld Fatikfolk og forkomne Stakkarar, som Staten lyt setja fast, fordi dei hev forbrotet seg, men som kanskje kunde bergast bergast baade timeleg og aandeleg, hjelpast upp av den Søkkja av Armod, Faavit og Synd, som dei ligg i, hjelpast fram til Folk, daa hugsar Aschehoug, at det vil kosta Pengar. Men gjeld det visse andre Ting, - Ting, som kanskje ikkje altid er naudsynlege elder vigtige, - Aschehoug røystar altid for den høgste Summen og bryr seg ikkje um, at det kostar Pengar.
           
- Dei, som hev, skal faa; dei som ikkje hev, skal Ein taka ifraa! det er Grunntanken i Høgreflokkens Finans-Moral.