Torkjell Mauland, 13.8.1871

Hr. Ivar Aasen.

 

D'er mange gilde Ting, som eg heve leset av det som de heve skrivet; soleids heve eg i dei sidste Dagarne haldet paa at lesa det Stykket i Budstikken um norske Plantenomn. Eg sat med Pennen og skreiv upp nokre Smaating, som eg tenkte burde hava voret med. Og daa eg so kom til Endes, kom eg paa, at eg skulde senda det lika til Dykk, um de kanskje kunde hava eitkvart litet Gagn av det. So tenkte eg paa, at de vel heve so mange slike Ting at rota i, at det kanskje kunde vera meir til Leia fyre Dykk at faa detta. Men so rann det meg i Tankarne att, at desse Ord trulega koma med i Ordboki, og at de kanskje kunde koma til at gjeva ut særskilt det Stykke i Budstikken, so skriv upp likavel, og sender.

Nokre Plantenomn fraa Jadren.

Fyrst kann eg merkja, at mange Plantenomn brukast her likains som paa andre Stader utan at det er sett inn i Stykket. Helst er Nomni her like Nomni i Ryfylke og Sirdalen. Desse Nomn heve eg inkje brytt meg stort um, for eg tykte det vilde verda for myket.

Eriophorium latifolium heiter her Myrefibell (utt. "-dl").

Nardus Stricta, Finn liksom i Telamork.

Scirpus cæpitosus, Bjørnskjegg. Desse 2 sidste Nomni verda stundom blanda um kvarandre.

Iris Pseudacorus. Nomnet er inkje her "Mækje" men "Mækja". Naar de heve høyrt "Mækje", so kjem det seg av, at denne Plenta mest aldri vert umtalet i Eindal, og Møkje(r) er Fleirtal.

(Ved Asperula ser eg stend ? etter Amur; no minnest eg, at paa Seminarien hallada Bemlingarne alltid denne Planta "Amur", eg trudde daa at det var dei danske "Kala" og "Mysse" og "Amur" som dei brukade paa ein galen Stad, men no eg ser det her, lyt det vel vera i Bruk korsomer.)

Menyanthes trifoliata heiter her Treblokka(er) og Triblokkblad.

Rinnex Crispus, himmol-, -blokka, - stilk.

Rinnex Acetocella, Raudknegras.

Galeopsis heiter paa Jadren inkje "Dæe" men "Døve" elder "Daave".

Stachys palustris, um Roti: Fullnot; ogso Knikkerot. Graset: Fullnotgras.

Orobus tuberosus og vernut Knapprist. I Bjelland i Mandalen heve eg høyrt "Ørteknapp".

Vicia – alle slag – Pyskjegras.

Lotus corniculatus, Liksom i Sætersdalen og Indherred: Tiriltunga.

Tanoctum vulgare, Reinfær.

Arnica montana, Jønsokblom.

Matricaria Millefolium, Harhaus. Detta namnet brukast elles um baade "Røllik" og "Myserøllik". Sume Stader ogso um Harafot, som vel verdt haldin fyre ein inkje fullvaksen Harhaus.

Sphagnum, – Stokkamose – av same Grunn som han paa andre Stader heiter Veggjamose.

Ramunculus – ja, Tillagsordet veit eg inkje – i danske Botan. snart "bitter" og snart "bidende", den med Sylbladi –, Divelsblom (maa vel helst skrivast Dyvelsblom).

Der er ogso nokre andre Nomn som eg kunde skrivet upp, dersom eg inkje hadde vantat ei Plantelæra, so eg kunde vorit stød paa dei latinske Nomna.

Kunde det inkje lata seg gjera at de kunde gjeva ut det Stykket i Budstikken særskildt. Det er ei Stor Plaga naar ein skal læra Plantelæra og lyt bala med dei danske Nomni. Eg minnest at eg ein Gang hadde fælt Strid med at læra det Namnet "Bjerg-Volverlei"! Hadde det daa voret dei latinske Nomni, som vardt balade med, so var det endaa likare. Mange Lærarar i Botanik er inkje uviljuge til at taka norske Nomn, men det veit so faae. Eg veit soleids den Læraren me hadde paa Seminaren, han talade mange Gongjer um, at han skulde voret so glad um han kunde fengjet dat paa dette Stykket dykkar; men Budstikken heve inkje voret aa faa alle Stader. Vardt det ei særskildt Bok, so vardt det og likare.

Jaja, kunde de sjaa nokot Gagn i detta, so var det vel, og er det berre til Harm, so lyt de orsaka. – Eg veit inkje Adressa, difyre lyt eg senda Brevet til Bokprentaren, som prentar Ordboki.

So fær de taka imot ei varm Helsing fraa ein Vin her, som de inkje kjenner men som likavel i Hjartast so mang ein Gong heve takkat dykk fyr det de heve gjort. Dykkar tilgjevne Seminarist Torkjill Mauland

 

Time, 13de August 1871

 

[Transkribert av Eirik Helleve for Ivar Aasen-tunet, i samarbeid med Nasjonalbiblioteket.]