Matias Skar, 21.10.1874

Til

det norske Samlaget

 

Her sender eg ei Umskrift av "Haavard Isfjording" til Samlaget med Spursmaal, um det vil kjøpa henne. Eit litet "Fyreord" kjem kanhenda etter med det fyrste. "Viglund" fekk de fyre 5 Dalor Arket; men med alle dei leide Kvadom i denne Saga finn eg det høvelegt aa setja Prisen til 6 Dalar fyre Arket. Svar ventar eg, so snøgt de vinn.

 

Ulefos 21/10-74 Matias Skar

 

Ordtydingarne vil eg helst hava nedst på Sidom, men vil de det slett ikkje, so baki Boki; aa lata deim ute vil eg ikkje, for det gjeld um at Folk kann skyna det, som vert skrivet paa norsk.

M.S.

 

[Transkribert av Eirik Helleve for Ivar Aasen-tunet, i samarbeid med Nasjonalbiblioteket.]