Georg Grieg, 17.12.1870

Bergen 17 Decb 1870.

 

Herr Ivar Aasen.

 

I di eg takkar Dykkar so myket fyre Umaken og den store Hjelpi med Markus-Evangilja, sender eg Dykker hermed eit Exemplar av Boki. Ho er seinare med Hjelp av tvo Theologar vordi vandsamlegare reviderad, og heve fenget sume Umbrøytingar, vonlege til Bate fyre Verket. Men ved detta, og samtides med at ogso Vestmannalaget som Utgjevar fekk nokot at segja i Redaktionen av Texti, kom eg under ein viss Trykk, som eg laut vægja fyre i nokre faae og mindre vigtuge Ordlag. No heve baade Presten Unger og Forleggaren bedet meg halda fram med dei andre Evangiljor, fyrst med Matteus, og Unger heve lovat meg si Hjelp. Eg skulde difyre myket ynskja, naar det eingong høvde seg so, at De vilde vera so snild og lata meg faa høyra Dykkar Meining, um Markus-Evangilja er so god, at De vilde raada til Framhaldet med dei andre Evangiljor.

Det verste med heile Markus var fyre meg, at eg laut bry Dykker med Gjenomsyni, men sidan De alt heve gjevet meg so mange gode Ord, kunde eg kannhenda vaaga paa at halda fram utan at plaaga Dykkar meir.

 

Georg Grieg.

 

[Transkribert av Eirik Helleve for Ivar Aasen-tunet, i samarbeid med Nasjonalbiblioteket.]