Har forska på dei digitale festivalane i lys av korona

Bilete frå Litteraturdagane i 2019.
Stemninga som Linda Eide, Odd Nordstoga og Kjersti Berge skapte blant publikum på Litteraturdagane i 2019, er vanskeleg å skape digitalt. Foto: Skjalg Ekeland

Litteraturdagane og Bøker i Bø har saman med Telemarksforsking og Høgskolen i Innlandet forska på korleis folk syntest det var å vera med på digitale festivalar i koronaåret 2020.

Digitale festivalar kan ikkje erstatte fysiske festivalar. Dette er eit av funna i forskingsrapporten.

– Utgangspunktet for forskinga var at pandemien tvinga festivalane til å tenkje annleis. Mange var sjølvsagt uroa for at det skulle vera umogleg å attskape festivalane sine digitalt. Det blir stadfesta at det var grunn til å frykte dette, seier arenaleiar ved Vinjesenteret Kristian W. Rantala, som arrangerer Litteraturdagane.

Sjølv om arrangørane får til mykje bra fagleg innhald, saknar folk det sosiale ved ein fysisk festival. Det er viktig med lokal forankring for dei fleste små festivalane. Denne forankringa har lett for å forsvinne under digitale arrangement. 

Festivalane som har blitt undersøkte, er Amandusfestivalen i Lillehammer, Festspela i Ørsta, Peer Gynt-stemnet på Vinstra og Litteraturdagane i Vinje. Desse fire festivalane hadde ulike former for digitale tilbod i 2020.

Arrangørane har vore tydelege på at det å skape digitalt innhald er kostbart. 

For at festivalar skal lykkast med digital formidling, må festivalane tenkje nytt. Litteraturdagane går av stabelen den siste helga i august i år. I fjor blei heile festivalen strøymt digitalt, men i år ser arrangøren etter andre moglegheiter.

– For oss betyr dette at me no vil prøve å finne nye måtar å nå publikum på med digitale tilbod som er bygde opp som digitale frå botnen av. Sjølv om me håpar at koronapandemien skal vera over før festivalen vår i 2021, er det mykje som tyder på at me må gjera tilpassingar i år òg. Kanskje kjem det noko godt ut av det, som kan bli ståande som nyttig for framtida uavhengig av koronaen, seier Rantala.