Kvart år er om lag femti personar med på å gjere Litteraturdagane i Vinje til ei god oppleving for både utøvarar og publikum. Som frivillig på Litteraturdagane i Vinje får du gode opplevingar i godt fellesskap. Vi treng hjelp til mellom anna utøvartransport, billettkontroll, rydding og vertsskap. Dei som er frivillige får fribillettar til arrangement og t-skjorte.
Vil du vere frivillig på Litteraturdagane i Vinje kan du ringe dagleg leiar Kristian W. Rantala på telefon 410 17 255 eller sende ein e-post til post@vinjesenteret.no