Ein arena, få billettar

Mange festivalar er utsett eller avlyst. Litteraturdagane i Vinje 2020 blir arrangert, men i ei litt anna form enn tidlegare.

For å møte gjeldande nasjonal rettleiing vil heile festivalprogrammet leggjast til ein arena fredag kveld og laurdag kveld. I tillegg blir det festivalgudsteneste i Vinje kyrkje sundag.

Val av arena og program er basert på rettleiing frå Folkehelseinstituttet og Kulturdepartementet. Vinjehuset er det kommunale kulturhuset i Vinje, og har storleiken og tilhøva vi treng for å gjennomføre festival på ein trygg og god måte for både gjester, arrangørar og utøvarar.

Me har høve til å selje 50 billettar kvar festivalkveld, og sjølve arrangementa kjem til å gå føre seg i festsalen, med bord og stolar sett opp i tråd med smittevernstiltak. Det betyr at gjester som bur i same husstand kan dele bord, og at alle andre må halde seg til kvar sitt bord. Det blir servering ut frå ein liten, men spennande meny på borda. Kaffi er som vanleg inkludert i billetten.

Alle gjester må registrerast med namn, telefonnummer og e-postadresse dersom det skulle bli naudsynt med smittesporing i ettertid.

Litteraturdagane i Vinje reknar med å gjennomføre festivalen i 2021 i tråd med tidlegare programmering.