Tilbake til alle arrangement

Canciones de Cobre – Koparsongar

fredag, 28. august 2020

I Latinamerika har høgrevinden vore nordavinden, med stormkast ovanfrå, frå Den rike verda, USA. I dag bles kraftige politiske vindar frå alle kantar, nord og sør, aust og vest. Kontinetet er i opprør. Bolivia. Chile. Venezuela. Fattig mot rik. Urfolk mot byfolk. Evangeliske kristne. Oligarkar. Kokain. Folkerørsler og konstitusjonelle kupp.
Samtidig og til alle tider: Den kulturelle rikdommen spelar seg ut over heile kontinentet, innan litteratur, musikk, rytmar, song og musikk. Dette fargesprakande mangfaldet skal Canciones de cobre formidla noko av, i samspel mellom ord og tonar, i det nye opprørets tid.

Canciones de cobre er ein konsertframsyning for bandoneon, messingkvintett og forteljar med ny musikk av Per Arne Glorvigen og nye tekstar av Kjartan Fløgstad. Framsyninga er finansiert med stønad frå Kulturrådet og Det norske komponistfond.

Medverkande: NyNorsk Messingkvintett, Per Arne Glorvigen, bandoneon og Kjartan Fløgstad, forteljar.

Billett inkludert i festivalpasset til Litteraturdagane i Vinje
Billettpris utan festivalpass: 390,-

  • Type: Konsert
  • Tid: 28. august 2020 - 19:00 - 20:30
  • Stad:Vinjehuset, Åmot
  • Lengd:90 minutt