Ånnevik og Renberg til Litteraturdagane i Vinje

Litteraturdagane i Vinje er svært glade for å ynskje den folkekjære musikaren Frida Ånnevik og den populære forfattaren, musikaren og komponisten Tore Renberg til Litteraturdagane i Vinje 28.–30. august 2020. 

 Frida Ånnevik har opparbeida seg ein posisjon som ein av Noregs fremste artistar og låtskrivarar. Med fire utgivingar bak seg, har ho hausta lovord og gode kritikkar og motteke både Prøysenprisen og fleire spelemannprisar. I sitt siste album «Andre sanger» syner ho også stort talent for gjendikting og tolking av andre sine verk. Gjennom deltakinga i det populære tv-programmet «Hver gang vi møtes» på TV2 i vinter, har ho blitt kjent for eit endå større publikum. Vi gler oss stort til å få oppleve Frida Ånnevik i Vinje, seier festivalsekretær Solveig Prestegard. 

Den allsidige og populære forfattaren Tore Renberg kjem også til Litteraturdagane. Han har skrive ei rekke bøker som blir lese av eit stort publikum både i Noreg og i utlandet, særleg Teksas-serien og romanane om Jarle Klepp. Renberg har motteke blant anna Tarjei Vesaas» debutantpris, P2-lyttarane sin romanpris, Bokhandlarprisen og Målblomen. Under Litteraturdagane vil Renberg snakke om sitt forhold til Tarjei Vesaas i den tradisjonsrike programposten «Vesaasforedraget». 

I tillegg til desse to kjem forfattaren Kjartan Fløgstad og musikar Per Arne Glorvigen saman med NyNorsk messingkvintett til Vinjehuset med framsyninga Canciones de Cobre – Koparsongar. Debutantent Helga Songøygard Battin frå Tokke er også eit stadfesta namn til festivalen.